Nepal bannlyser sosiale medium – ti drepne i demonstrasjonar
Store protestar for ytringsfridom har brote ut i det asiatiske landet.

Styresmaktene i Nepal har no bannlyst 26 sosiale medium, inkludert Facebook, Instagram, X, Whatsapp og Reddit.
Det har fått titusenvis av demonstrantar, hovudsakleg unge, til å ta til gatene i protest. Demonstrantane forsøkte å storme parlamentet, og politiet svara først med batongar, tåregass, gummikuler og vasskanonar.
Minst ti personar har døydd etter at politiet opna eld mot demonstrantane. Fleire titals andre er skadde.
– Trugsel mot pressefridommen
Forbodet mot 26 sosiale medium vart sett i verk natt til torsdag, etter at Nepal innførte nye restriksjonar. Nepal krev no at alle sosiale medium registrerer verksemda si i Nepal for at innhaldet kan evaluerast og overvakast.
Ifølge styresmaktene skal restriksjonane slå ned på hatefulle ytringar, falske nyheiter og digital kriminalitet.
Fem verksemder, inkludert TikTok, har følgt dei nye restriksjonane, og er derfor ikkje bannlyste.
Reguleringane har blitt kritiserte som eit verktøy for sensur og straff mot motstandarar til styresmaktene som ytrar seg på internett.
Internasjonale organisasjonar har protestert mot bannlysingane, mellom anna Committee to Protect Journalists (CPJ):
– Den omfattande bannlysinga av sosiale medium i Nepal set ein farleg presedens for pressefridomen. Å blokkere nettbaserte nyheitsplattformer som er viktige for journalistar, vil undergrave rapportering og offentlegheitas rett til informasjon, seier Bah Lih Yi, regional leiar i CPJ.
Sundag tok fleire titals journalistar til gatene i hovudstaden Katmandu, for å protestere mot bannlysinga. Demonstrasjonane eskalerte måndag.