Oslo kommune ber partia om å halde seg unna stemmekøane
Oslo kommune har blitt kontakta av veljarar som synest det er plagsamt med pågåande listeberarar når dei skal stemme.

– Kan eg gi deg ein brosjyre med Høgres kandidatar? spør ein representant frå Høgre dei som står i kø for å stemme på Egertorget i Oslo.
Torsdag ettermiddag står Framtida.no sin journalist i køen for å førehandsstemme til stortingsvalet. Vallokalet er ei lita brakke, og berre dei som skal inn i avlukket får gå inn når det er deira tur.
– Ubehageleg
I tråd med Oslo kommune sine retningslinjer har Venstre og Høgre stand meir enn ti meter unna lokalet. To gongar i løpet av tida vi ventar på å kome inn for å stemme, er ein representant frå Høgre borte og deler ut brosjyrar i køen, og vender seg til éin og éin person.

Høgre-representanten henvender seg til veljarar i køen ved sidan av stemmebrakka. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Framtida.no presenterer seg som journalist, og spør om dei har lov til å vende seg til personar som står i kø for å stemme. Representanten frå Høgre forklarar at dei har lov utanfor lokalet, og viser til at standen deira må stå ti meter unna.
– Eg synest det er ubehageleg, seier ein veljar som er på veg inn for å stemme, når Framtida.no stiller spørsmål til høgremannen.
Når Framtida.no sin journalist er ferdig å stemme, er representanten igjen i gang med å vende seg til folk i køen.

Etter å ha vore inne i lokalet og stemt, observerer Framtida.no igjen Høgre i stemmekøen. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Valdirektoratet: – Ikkje tillate i vallokalet
Framtida.no har spurt Valdirektoratet om det er lov å drive veljarpåverknad i køen inn til stemmelokale.
– Lova seier at veljarpåverknad ikkje er tillate i vallokalet. I tillegg seier lova at det i vallokalet og i dets umiddelbare nærleik ikkje er tillate å utføre handlingar som kan forstyrre valet, forklarar Kjetil Vataker Johansen på e-post til Framtida.no.
Johansen i Valdirektoratet skriv at heile bygningen, som til dømes eit kjøpesenter, ikkje blir rekna som vallokale i denne samanhengen, og at valkampaktivitet difor kan føregå inne i bygget, men svarar ingenting konkret om kø utanfor stemmebrakkene.
Han viser til at kvar einskild kommune er ansvarleg for den praktiske gjennomføringa av valet og at Oslo kommune må svare om sine retningslinjer.
Ber veljarane få vere i fred
Kommunikasjonsansvarleg for val i Oslo Maren H. Blaalid skriv til Framtida.no at praksisen ikkje er forboden ifølgje vallova, men at det ikkje er tillate med veljarpåverknad i vallokalet.
Ho opplyser at dei har blitt kontakta av veljarar som synest det er plagsamt med pågåande listeberarar frå fleire parti.
– Vi har derfor kontakta alle dei politiske partia og bede dei gi beskjed til listeberarane sine om at dei lar veljarane som har stilt seg i kø utanfor eit vallokale vere i fred.
Førespurnaden vart sendt fredag føremiddag, etter at Framtida.no tok kontakt. Blaalid skriv at dei har løpande kontakt med partiorganisasjonane om listeberarar og har vore i kontakt med fleire av dei i løpet av perioden for førehandsstemming.
Blaalid opplyser òg om at valstyret i Oslo har vedtatt at valkampbuer og liknande skal stå minimum ti meter frå eit vallokale.
Høgre har fått beskjed
Generalsekretær i Høgre Tom Erlend Skaug uttalar at det er vanskeleg å kommentere påstandar om ein situasjon han ikkje har vore vitne til.
– Høgres representantar er godt kjende med at dei skal vere ti meter unna vallokalet, seier han i ein e-post via kommunikasjonseininga.
Pressekontakten opplyser til Framtida.no at det som er kommunisert er at dei som deler ut lister ikkje skal stå på rampa til lokalet, men ved sidan av lokalet.
Kommunikasjonseininga stadfestar at kampanjesjefen deira i dag har fått ein e-post frå kommunen om å la veljarar som har stilt seg i kø vere i fred.

Skjermbilete av e-posten Høgre og dei andre partia fekk frå Oslo kommune.