Her stemmer Hadia (19) for første gong: – Kjennest som å endeleg bli vaksen

Hadia Mirza (19) vurderte å stemme blankt, men enda opp med eit parti ho tenkte vil gjere ein god jobb.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» støtta av Bergesenstiftelsen. 

– Eg har eigentleg hatt lyst til å stemme sidan sist stortingsval, men ein har jo ikkje stemmerett når ein er såpass ung. Så eg gler meg berre skikkeleg til å få moglegheit til å stemme!

Framtida.no møter Hadia Mirza i lokala til UngOrg i Oslo. Saman med andre ungdommar skal 19-åringen bruke stemmeretten sin for første gong, som ein del av arrangementet «Vi stemmer sammen».

 

Hadia Mirza

Alder: 19

Frå: Grorud i Oslo

Jobb/skule: Lærling som ventilasjon- og blekkslagar

Hobby: Organisasjonsarbeid

Verv: Styremedlem i Ungdom og fritid Oslo, arbeidsutvalsmedlem i sentralt ungdomsråd, leiar for mangfald- og integreringsrådet i bydel Grorud og medlem av ungdomsrådet i bydel Grorud.

Sosiale medium: Facebook, Snapchat, TikTok

Vil få unge til å stemme

19-åringen frå Grorud skildrar seg sjølv som svært samfunnsinteressert. Til dagleg er ho lærling som ventilasjon- og blekkslagar, og fritida blir fylt med verv og organisasjonsjobbing. Ho er mellom anna styremedlem i Ungdom og fritid Oslo, medlem av arbeidsutvalet til Sentralt ungdomsråd i Oslo og leiar av mangfald- og integreringsrådet i bydel Grorud.

– UngOrg er typ som ein andre heim for meg, fortel Mirza om kvifor ho ville vere med på «Vi stemmer sammen».

Her har ho blitt kjent med mange nye menneske og organisasjonar for ungdom.

«Vi stemmer sammen» er arrangert av UngOrg, og er ein del av demokratidagane. Dei rettar seg særleg til første- og andregongsveljarar, med mål om å auke valdeltakinga blant unge.

– Det er relativt få unge som brukar stemmeretten sin samanlikna med den eldre gruppa, og som kanskje ikkje veit korleis ein stemmer, som kanskje synest det er litt skummelt å gjere det aleine eller berre generelt for første gong. Vi ønskte å gjere det lågterskel, gratis, ha pizza og god stemning for å oppmode til å bruke stemmeretten, fortel Hanna Felicia Fossen Lange (26), som er informasjonsrådgjevar i UngOrg.

For Mirza er stemmeretten ei gyllen moglegheit til å ytre meininga si om korleis det er å bu i eit samfunn og til å ha påverknadskraft over eigen kvardag.

Hanna Felicia Fossen Lange er informasjonsrådgjevar i UngOrg. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken

– Eg har pusha veldig på venane mine som ikkje stemte sist gong, og mint både foreldra mine og venane mine på at alle må stemme, fordi kvar stemme tel.

Spicy debattar om politikk

– Eg kjenner mange ungdommar som ikkje tør å snakke for seg sjølv, så det å gi dei ungdommane moglegheit til å fremje sine stemmer, er noko eg jobbar mykje med.

Ho er oppteken av at ungdom må lytte til kvarandre, og ikkje berre seg sjølve, og å gi dei rom for å snakke med politikarar om kva dei meiner.

For å halde seg så nøytral som mogleg i verva er ikkje Mirza aktiv i noko politisk parti. Ho synest likevel politikk er svært gøy, og diskuterer mykje med venar.

– Eg har venar som er både på høgresida og på venstresida, så nokre debattar kan vere veldig spicy. Men vi har nok respekt for kvarandre til at ein kan seie at no er det nok, no kan vi gå til eit anna tema eller snakke om noko heilt anna. Ein føler på ein måte litt kor grensa går hos kvarandre.

Kjedeleg og vanskelege ord

Mirza trur dei politiske meiningane hennar kan bli påverka av venar, sosiale medium og organisasjonane ho er ein del av. Ho synest det er viktig å vere kritisk til det ein høyrer.

Etter intervjuet, skal Mirza rusle bort til Rådhuset i Oslo saman med dei andre ungdommane for å bruke stemmeretten sin. For å finne ut av kven som skal få stemma hennar, har ho prøvd å lese seg opp.

– Men det er jo kjempekjedeleg. Det er for mange ord ein ikkje skjønar. Så då har eg gått litt på nettet og surfa litt. Gått på TikTok og sett på youtube-videoar, som til dømes det opplegget Gutta held på med. Men eg får ikkje så mykje ut av det, om eg skal vere heilt ærleg.

19-åringen meiner å snakke med venar og å møte politikarar er den beste måten å finne ut kven ein vil stemme på.

Framleis litt usikker

Sjølv om det er under ein time til stemma hennar skal ligge i urna, er ho ikkje heilt sikker på kva ho skal gå for.

– Det blir anten å stemme blankt eller å stemme på eitt parti.

Mirza fortel at ho har brukt valomat ein ti-tolv gongar, men at resultatet for det meste har vore ulikt. Andre gongar er det to-tre parti som har skilt seg ut.

– Men det er sånn at 90 prosent av politikken er eg heilt ueinig i, men så er eg einig i hjartesakene mine.

Mange hjartesaker

Førstegongsveljaren har mange hjartesaker, og det kjem litt an på dagen kva ho vil trekke fram. Å engasjere ungdom, berekraft og ungdomskriminalitet er nokre saker som står hjartet hennar nært.

– Og no som lærling blir jo det med rett til læreplass også viktig.

– Er det nokon saker du ikkje er så interessert i eller synest får litt mykje plass i valkampen?

– Eg er litt usikker, men eg synest nokre parti tar litt mykje plass, og då får ikkje småpartia plass nok til å fortelje kva dei ønskjer og kva dei meiner.

Hadia Mirza framføre Rådhuset i Oslo før ho skal gjere borgarplikta si. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Ho trekker vidare fram at formuesskatt har eksplodert i årets valkamp. Sjølv om Mirza synest det er fint å få vite kva det handlar om, trur ho ikkje kompliserte ord vil fungere for å overtyde ungdom om kva dei skal stemme på.

Lærte lite om politikk på skulen

– Synest du at skulen har førebudd deg godt nok til å skulle stemme? 

– Å, nei da. Kvar gong USA skal ha eit nytt val så har vi om valet deira i fleire månader før, etter og undervegs, men det norske valet høyrer ein om kanskje berre ei veke i førevegen. Så har ein eit fake, lite skuleval, og så er ein ferdig med det.

Mirza har møtt parti på stands på skulen, men synest det handlar meir om å ha best merch og mest godteri, enn om informasjon om politikk.

Alvorets time

På veg bort til Rådhuset går gjengen frå UngOrg forbi Stortinget, staden der dei skal velje inn politikarane gjennom valet. Vel framme ved Rådhuset stiller alle seg opp for eit gruppebilete.

Vi bevegar oss til sjøsida av bygget, og etter ein sikkerheitskontroll er vi inne på Rådhuset.

«Er alle her folkeregistrerte i Oslo?», lyder det frå valmedarbeidaren i lokalet.

Det er strenge reglar når ein skal stemme. Framtida.no får ikkje ta bilete framføre valavlukket eller vere med Mirza inn i det, men vi får vere med når stemma hennar blir stempla og plassert i valurna.

– Det kjennest litt ut som å endeleg bli vaksen. Det kjennest ganske deilig å endeleg bli ferdig med det, seier 19-åringen.

– Du var jo litt usikker på førehand. Korleis var det å stå inne der og ta valet?

– Eg tenkte at så lenge eg stemmer på ein eg veit kjem til å gjere ein bra jobb, så er eg fornøgd med valet mitt. Så eg valde det partiet eg tenkte på.