Neri (17) er Noregs yngste stortingskandidat – vil ha arbeidserfaring først

Som sjuandekandidat for Raudt i Hedmark kjem ikkje Neri van Grieken (17) inn på Stortinget i år, men han samlar viktig erfaring til seinare i livet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» som er støtta av Bergesenstiftelsen. 

– Eg har bursdag 31. desember, så ein kan faktisk ikkje vere yngre enn meg.

Det skriv Neri van Grieken når Framtida.no tar kontakt for å høyre om han vil stille til intervju om å vere ung stortingskandidat. Grieken stiller til val for Raudt i Hedmark. På valdagen er han framleis 17 år gamal.

Hadde han vore fødd berre éin dag seinare, kunne ikkje namnet hans stått på stemmesetelen.

– Eg skulle eigentleg ha vore fødd i 2008, så eg synest det er litt rart å tenke på at livet mitt har blitt såpass annleis av å vere fødd nokre få dagar tidlegare, seier van Grieken når Framtida.no får han på tråden, innimellom ein tett timeplan med skuledebattar.

17-åringar på listene

17-åringen fortel at han alltid har vore svært engasjert. Han er leiar av Hamar Raud Ungdom, og var ein del av valkampleiinga til Raudt Hedemark.  For å ha kandidatar frå Raud Ungdom, vart han spurt om å stille i stortingsvalet også.

– Eg synest det er litt gøy å ha den moglegheita, og så synest eg det er gøy å sjå at ein får gjennomslag sjølv om ein er såpass ung.

Framtida.no har tidlegare skrive om delen listekandidatar til Stortingsvalet 2025 som er 30 år eller yngre.

Totalt er det 103 kandidatur som er 20 år eller yngre. Kandidatur som er 20 år eller yngre utgjer omtrent 2,1 prosent av alle kandidatane på lista.

Til årets stortingsval, er det også 17-åringar på listene. Fem kandidatar fyller 18 år i løpet av året, men vil vere 17 på valdagen.

  • Neri Bjørn Van Grieken, kandidat for Raudt Hedmark, 7. plass på lista (31.12.2007)
  • Sara Veivåg, kandidat for Arbeidarpartiet i Aust-Agder, 10. plass på lista (18.12.2007)
  • Malene Gjerløw Strand, kandidat for Arbeidarpartiet i Oslo, 24. plass på lista (08.12.2007)
  • Amalie Konstanse Solberg, kandidat for Raudt i Vestfold, 11. plass på lista (20.10.2007)
  • Liisa Hunnes Thormodsen, kandidat for Raudt i Sør-Trøndelag, 8. plass på lista (02.10.2007)

Likevel er ingen av desse er høgt nok plassert på listene til at dei har ein reell sjanse til å kome inn.

Van Grieken trur ikkje han får plass på Stortinget etter valet, sidan han er sjuandekandidat på lista. Han ser for seg å stille på liste også dei neste vala, men ønsker å studere og jobbe litt før han eventuelt blir folkevald.

– Eg har lyst til å vere på Stortinget ein dag, men eg har lyst til å ha arbeidserfaring først, for det føler eg at veldig mange i politikken manglar.

Neri van Grieken har stort sett fått positive tilbakemeldingar når folk får høyre at han er 17 år og stiller som stortingskandidat. Han seier mange blir overraska, og trur ikkje det er alle som veit at kan stille så lenge ein fyller 18 i løpet av valåret.

– Eg har vore på mange skuledebattar no, og der er det veldig mange som synest det er bra og seier at då er dei interesserte i å stemme, for då veit dei at dei har høyrt kandidaten snakke.

Også dei eldre han har snakka med er nøgde med at han stiller til val.

– Eg vil seie at dei fleste eldre er veldig glade i at ungdommen engasjerer seg i politikk, for det er jo dei som er den neste generasjonen. Så er det mange som har spørsmål om politikken til Raudt og kvifor ein vel å stille for dei. Då er det gøy å kunne snakke om det som ein ung person og forklare vårt perspektiv.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg i Raudt? 

– Det er mykje velferdsstat, og så er det korleis Raudt stiller seg til regjering. Eg føler det er eit parti som verkeleg held det dei lovar, og ikkje er villige til å gå inn i regjering, for å så bli trampa over. Eg veit at når eg stemmer på Raudt, så stemmer eg på det dei står for, og ikkje på at meiningane plutseleg blir endra fordi partiet går inn i regjering med eit anna parti.

Skuledebatt

17-åringen er no fullt oppteken med valkampinnspurten, men til vanleg er han skuleelev på studiespesialiserande på Hamar Katedralskole.

– Vi har ei lov i Noreg som beskyttar politisk fråvær i inntil ti dagar. Då kan ein vere borte frå skulen utan å få fråvær, forklarar van Grieken.

Han innrømmer at det er litt upraktisk å gå glipp av så mange skuletimar, for med skuledebattane er han borte nesten to veker i strekk.

– Men ofte når ein er engasjert i politikk, er ein også engasjert på skulen, og det vil eg seie at eg er. Så eg trur ikkje det er så ille å gå glipp av dei dagane.

Humor og stereotypiar

Det er mykje Raudt-kandidaten tar med seg frå sin første valkamp. Han trur at humor er ein god ting å ha i debattar. Ved å ikkje ta seg sjølv så seriøst eller vere så sjølvhøgtidleg, blir ein litt meir folkeleg.

– Eg trur det eg har lært, er at dei fleste har veldig opne meiningar. Dei stereotypiane som ofte finst om at ein skule er sånn eller sånn, stemmer veldig sjeldan. Det er ofte at folk som ser ut som dei hadde stemt eit parti, kjem bort og har mange spørsmål eller har heilt andre meiningar enn ein skulle trudd at dei hadde, reflekterer van Grieken.

Han vil oppmode andre unge til å engasjere seg og til å bruke stemmeretten.

– Eg synest ikkje at det viktigaste er at ein stemmer på mitt parti nødvendigvis. Det viktigaste er at ein les seg opp og lærer. Val er veldig viktig, spesielt for oss unge, og for å få meiningane våre høyrde, må vi engasjere oss.

Han synest òg det er viktig å ikkje vere redd for å ha mykje ansvar som ung i politikken. Og at ein ikkje skal vere redd for å stille på liste når ein er såpass ung.

– For det er veldig mykje kunnskap og erfaring ein får av det, og det er ein veldig flott ting å ha gjort.