Skuledebatt: – Det vanskelegaste du kan gi deg ut på

Tonen i skuledebattar kan vere hardare enn dei på TV, men det går framleis an å prate saman etterpå, ifølgje representantane som skulle vinne stemmene til elevar ved Vinstra vidaregåande skule.

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» støtta av Bergesenstiftelsen.

– Det er kanskje litt meir usakleg til tider, vi er meir køddete, men eg trur også det er meir morosamt å høyre på oss ungdomspolitikarar enn vaksenpolitikarar.

Det seier Maks Pecak (16) frå Unge Høgre etter å ha vore i debatt på Vinstra vidaregåande skule. Han er frå Gjøvik-området, men har reist to og ein halv time nordover for å delta i sin aller fyrste debatt.

– Av og til så kålar eg litt, men eg trur eg kom meg godt ut av det.

Pecak er ein av mange som har vore på debattkurs i løpet av sommaren for å kunne få fram poenga sine framfor elevar.

I vekene før skulevalet 1. og 2. september mobiliserer ungdomsparti over heile landet for å drive valkamp på vidaregåande skular. Frå partileiarar på stortingslister, til engasjerte i lokallaga, alle er med for å få gjennomført siste støyt i valkampen.

Maks Pacek (16) var i sin fyrste skuledebatt på Vinstra. | Foto: Åshild Slåen
Jakob Øvensen Aanderaa er leiar i LNU. | Foto: Foto: Elise Knutsen, LNU

Meir enn berre samfunnsfag

Jakob Øvensen Aanderaa, leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), er tydeleg på at både debatt, valtorg og skulevalet er viktig for elevane.

– Det er meir enn berre samfunnsundervisning, det er opplæring i demokrati.

Aanderaa var sjølv på både partileiardebatten og ungdomspartileiardebatten på Arendalsuka i år, og meiner det er ein heilt annan energi på ungdomsdebattar.

– Dei ligg tettare opp mot korleis ungdommar snakkar.

Politikarane er meir direkte, dei legg fram saker på ein forståeleg måte for elevane, og det trur han gjer det enklare å skjønne kva politikken faktisk handlar om.

– Ein må sjølvsagt oppføre seg, men eg synest ungdomspolitikarane er gode til å vise at dei er kollegaar etterpå, og kan prate saman.

Dei beste debattane meiner han skjer på elevane sine eigne premiss, som er grunnen til at LNU bidrar med ordstyrarkurs til ungdommar som skal leie debattane.

Skulane vel sjølv korleis dei skal gjennomføre arrangementa, men Udir tilrår at debattane ikkje varer i meir enn 90 minutt, eller har fleire enn ni parti som deltek, og at det blir teke opp politiske spørsmål som kjem frå ungdommar, der både lokal og nasjonal politikk er tema.

Gøy å prate med folk

På Vinstra blir det rigga til i hallen for debatt, og like utanfor er det valtorg, med stand for partia til alle debattdeltakarane.

Like før debatten seier rektor at ho har høyrd at Nord-Fron kommune har låg valdeltaking, spesielt blant unge menn.

– Det må vi gjere noko med!

Alle stortingsparti, utanom KrF, har eit ungdomsparti som representerer dei i debatten. Blant dei er Neri van Grieken (17) frå Raud Ungdom, som er ein av dei som verkeleg har bestemt seg for å engasjere seg tidleg.

Han er den yngste stortingskandidaten i Noreg, med bursdag 31. desember. No får truleg ikkje Raudt Hedmark inn dei sju naudsynte kandidatane for at van Grieken skal kome inn på Stortinget, men han meiner det er viktig å delta.

– Dette er min tredje debatt på 24 timar, så det blir veldig mykje etter kvart. Men det er også ganske gøy å få snakke med folk, seier han til Framtida.no.

Verving og stemmesanking er ein del av det heile, men også det å få nye perspektiv, og sjå at ein kan diskutere ordentleg.

– Det er nokre gonger eg til og med høyrer folk seie ting som får meg til å tenke: Hm, kanskje vi burde endre politikk på dette her, for det er faktisk ganske godt sagt.

Må ha litt fargerikt språk

Sjølv om ungdomspolitikarane kan barke saman under debatten, og skjere grimasar når nokon seier noko dei er usamde med, blir det ikkje dårleg stemning. Dei deler på to mikrofonar, lar folk få prate, og kan prate saman etterpå.

– Eg kan seie at vaksendebatt, det er mykje kjedelegare enn dette. Og skuledebattar er faktisk det vanskelegaste du kan gi deg ut på.

Det seier Matheus Jess-Bakken (17) frå Unge Venstre. Han er frå Gjøvik, men har overnatta på familiehytta på Gålå for sleppe lang reiseveg til både Vinstra, og Otta som han skal vidare til like etterpå.

Så langt har han åtte fråværsdagar på skulen for å delta på debatt.

Jess-Bakken er også ein av dei som fekk merknad frå ordstyrar, to gonger, då han brukte litt fargerike bilete, blant anna ein replikk om statsrådar som forlèt regjeringa «raskare enn eg kjem».

– Problemet med skuledebatt er at du må prate på ein måte som kan engasjere, seier han til Framtida.no etterpå.

Han held fast på at det ikkje er noko i vegen med å bruke litt sterke ord.

– Men skulle du få litt korreks frå ordstyrar, ja då seier du beklagar, også rettar du deg opp att.

Nokre oppfinnsame grep slepp også gjennom frå dei andre partia. FpU-representanten får salen til å klappe i takt til slagorda sine. Representanten frå Grøn Ungdom dreg opp ei pakke med bind for å prate om kvinnehelse og prisen på mensprodukt, sidan han ikkje fekk prate om det i hovuddelen av debatten.

Fargerikt språk og triks i appellane skadar likevel ikkje stemninga, meiner van Grieken frå Raudt.

– I år vil eg seie at ungdomspartia har vore meir saklege enn vaksendebattane har vore, seier han.

– Det er koseleg å sjå at vi klarer å snakke saman etterpå, ta kvarandre i handa, og framleis respektere at ein har forskjellige meiningar.