Regjeringa forbyr sal av energidrikk til folk under 16
Det blir frå nyttår forbode å selje energidrikk til barn og unge som er yngre enn 16 år, melder NRK.

I 2023 vedtok Stortinget 16 års aldersgrense for kjøp av energidrikker. Regjeringa sende i mars eit forslag om forbod mot sal ut på høyring.
Det fekk støtte av mellom anna Helsedirektoratet, som tok til å orde for å vurdere å auke grensa til 18 år på sikt.
– Vi veit at eit for høgt inntak av energidrikk fører til uro, søvnproblem og konsentrasjonsvanskar. Det kan også føre til skadar på hjarte- og karsystemet og sentralnervesystemet, seier helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til NRK.
Utsalsstader vil i første omgang få munnleg åtvaring om det blir avdekt sal til folk under 16 år, og på sikt vil regjeringa foreslå straffegebyr, seier Vestre.
Legeforeininga er blant dei som tok til orde for forbod for dei under 18 år.
– Det er skuffande at regjeringa vel å sjå bort frå klare faglege råd og går for 16 -årsgrense. Vi hadde venta ein meir ambisiøs folkehelsepolitikk frå regjeringa, som sette helsa til barn og unge først, og i tråd med føre var -prinsippet, seier leiar Ståle Onsgård Sagabråten for Legeforeiningas fagstyre til kanalen.