– Heilt konge å få vera med
Ingmund Andvik, som går i 10. klasse på Sandnes skule har vore med i Uprisen sin jury. – Det var kult å vera med å nominera ungdomsbøker, seier han.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
15-åringen i juryen
Saka var først hos Avisa Nordhordland
For 9. året på rad har Uprisen arrangert kåring av årets ungdomsbok. 750 ungdommar har skrive til saman 1200 bokmeldinger av fjorårets norske ungdomsbøker. Kvart år får ungdommar sjølv moglegheita til å melda seg på som dommar i nominasjonsjuryen, og ein av desse 60 søkjarane, var Ingmund Andvik (15), som går i 10. klasse på Sandnes skule.
– Det var norsklæraren vår som tipsa oss om dette. Eg synest det høyrdest interessant og spennande ut, og bestemte meg difor for å senda inn ein søknad, fortel Ingmund, som var den einaste i klassen som valde å søka om å bli dommar.
LES OGSÅ: Konsert + høgtlseing = ?
– Leste 484 sider
Rett før jul fekk Ingmund telefon om at han var ein av fire heldige, som hadde vorte vald ut til å vera med i juryen.
– Eg vart veldig glad då eg fekk meldinga.
Rett før jul fekk han tilsendt alle dei 1200 bokmeldingane ungdom rundt om i landet hadde skrive. Desse skulle han lesa i løpet av jula.
– Det var til saman 484 sider, så eg måtte verkeleg konsentrera meg medan eg las dei.
Ingmund fekk med andre ord meir enn nok å gjera i jule- ferien.
– Det vart ganske mykje å lesa gjennom, med det gjekk veldig fint, seier han.
LES OGSÅ: Brage gir i staden for å få
Reiste til Oslo
Tirsdag denne veka møttest dei fire ungdommane i nominasjonsjuryen i Oslo, for å saman diskutera seg fram til kva for fem bøker dei mente skulle gå vidare i konkurransen.
– Det var kult å reisa til Oslo, og heilt konge å få lov til å vera med i juryen, seier han.
Etter ein del diskusjon bestemte juryen seg for dei fem bøkene som no er vidare.
No er det sju niandeklassar spreidd rundt i landet, som skal lesa dei fem bøkene juryen har nominert, og deretter skal dei velja ut vinnaren, som vert kåra på Norsk litteraturfestival på Lillehammer 28. mai.
LES OGSÅ: – Tre timar reising kvar dag er for langt
– Reflekterte og flinke
– Vi valde dei fire ungdommane vi meinte var best eigna til å sitta i nominasjonsjuryen. Det er ein krevjande jobb å lesa gjennom såpass mange bokmeldingar, og då måtte vi finna nokon som var interessert i litteratur og har lest ein del. Ingmund var ein fin og stødig gut, og gjorde ein god jobb, seier prosjektleiar Bjarte Bakken.
Bakken skryt over juryen, og meiner det var utruleg kjekt å ha dei på besøk på kontoret.
– Dei var heilt fantastiske og flinke, og kom med reflekterte og eigne meiningar. Dei var sjølvstendige og stod trygt i sine standpunkt.
Bakken meiner ungdommane gav inspirasjon også til dei vaksne.
– Vi lærer av ungdommen og det er kjekt, seier han.
Under besøket fekk juryen og besøka forlaget Cappelen & Damm.
LES OGSÅ: Mannetung Upris