Færre elevar seier dei blir mobba
Færre klagar på uro i klasseromma enn før, og færre elevar føler seg mobba, viser dei første resultata frå Elevundersøkinga 2014.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Så mange blir mobba
Omlag 1 av 25 elevar, 3,9 prosent, svarer at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare. Året før var dette talet 4,2 prosent.
LES OGSÅ: Store forskjellar i mobbetal: – Skulane må ta mobbing på alvor
Færre krenkte
Å bli gjort narr av eller erta er den vanlegaste forma for krenking blant elevane. Dernest handlar det om det å bli halden utanfor og få negative kommentarar på utsjånaden.
I overkant av 15 prosent svarer at dei opplever ei eller fleire krenkingar to til tre gonger i månaden eller oftare. Dette er ein nedgang på 6 prosentpoeng sidan 2013.
Samtidig som mobbetala har gått ned, er det færre som klagar på uro i klasseromma enn før. Meir enn tre av fem er litt eller heilt einige i at det er god arbeidsro i timane, det er ein oppgang frå året før.
Vel 406.000 skoleelevar frå 5. klasse og ut vidaregåande trinn 1 svarte på Elevundersøkinga i fjor. Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for gjennomføringa av undersøkinga, mens NTNU Samfunnsforskning står for analysen av resultata. (©NPK)
LES OGSÅ: – Mobbing er unødvendig