Me treng fleire romanar som Superbloom av Harmeet Kaur i norsk litteratur, skriv meldar Frida Solheim

Frida Solheim
Publisert

Harmeet Kaur er ein spennande ny norsk forfattar som debuterer med romanen Superbloom i juli 2025. Romanen følgjer Amrita, ei ung kvinne som drar til New York på utveksling i håp om å finne seg sjølv. Der møter ho Deepika, som etter kvart blir ein viktig del av livet hennar der.

Seinare får me òg høyre Meeras, Amrita si mor, si historie frå då ho var ung og flytta til Noreg for å bu med ein ektemann ho så vidt kjente.

Bokfakta

Forfattar: Harmeet Kaur

Forlag: Tiden

Utgjeve: 2025

Sjanger: Roman

Å finne seg sjølv

Amrita reiste til USA for å finne seg sjølv utanfor den ho har blitt i det norske samfunnet. Noko av det første som slo meg, var at det verkar som ho ikkje føler at ho høyrer til sjølv etter at ho har kome til New York; ho er for indisk for Noreg, for lite indisk for venane ho får i USA, for annleis for studentsamfunnet og for lite kunstnarisk for kunstnarmiljøet.

Dette blir blant anna tydeleg når ho er på date og blir spurt kor ho eigentleg kjem frå når ho seier at ho er frå Noreg, når dei andre studentane dømmer arrangert ekteskap på fest, og når venane hennar seier at ho må tørre å ta meir plass.

Usikre relasjonar

Ein av dei viktigaste personane i romanen er Deepika, som Amrita møter på ein indisk deli i New York. Deepika er ein fri kunstnar som raskt blir eit førebilete for Amrita. Ho ser på Deepika som nokon ho kan forme seg sjølv etter. Medan Amrita søker tilhøyrsel og å finne sin eigen identitet, verkar det som Deepika søker validering av seg sjølv og kunsten sin frå andre.

Vennskapen deira utviklar seg etter kvart til eit slags maktspel, der Deepika er bevisst på at Amrita vil vere som henne, medan ho ser på ho som eit prosjekt og ein person ho kan forme til å passe inn i livet hennar, sidan ho er så usikker på seg sjølv.

Forma av andres blikk

Det mest interessante med romanen er likevel ikkje Amrita sin utanforskap eller relasjonen hennar med Deepika, men korleis ho tek for seg generasjonsinnvandring. Amrita si identitetskrise om kven ho er og kor ho høyrer til, speglar Meeras undertrykte liv og draumane ho ikkje fekk oppfylle.

Meeras val var sterkt påverka av kulturen ho hadde vakse opp med, og forventningane til korleis ho skulle leve livet sitt. Amrita har vakse opp på ein heilt annan måte, men slit likevel med å finne seg sjølv fordi ho er bevisst på kva andre tenkjer om ho, som Meera òg følte på.

Sterk debutroman

Superbloom er ein av dei sterkaste debutromanane eg har lese på lenge, og det er ingen tvil om at eg kjem til å hugse ho godt. Harmeet Kaur skriv seg inn i ein tradisjon som gir nære innblikk i historier me elles ikkje får høyre, og bidreg til mangfald i norsk litteratur.

Romanen passar godt for alle som interesserer seg for kultur og korleis det påverkar oss, men òg for dei som vil lese om einsemd og utanforskap. Eg håper Harmeet Kaur har tenkt å skrive meir, for romanar som dette treng vi meir av i norsk litteratur!