Fann 100 år gammal medalje: – Heilt fantastisk

Nobelprishistorias truleg einaste «sølvmedalje» har no kome til rette.

Einar Nygaard
Publisert

Det var morosamt å finne noko som har vore etterlyst i fleire år.

 

I 1920 vann Knut Hamsun Nobelprisen i litteratur. Likevel var det ikkje langt unna å ende annleis. Landsmåls-forfattar Arne Garborg skal ha vore hakk i hel i avstemminga, og rykta sa etterpå at det berre var tre eller fire stemmer som skilde dei.

– Det var mange som vart skuffa av at Hamsun vann. Då begynte Målungdommen å samle inn pengar til Garborg, for dei ville at han skulle få like mykje som Hamsun. Det seier Ørjan Zazzera Johansen, formidlar og informasjonsansvarleg på Garborgsenteret.

Totalt samla dei inn 104 000 kroner, som tilsvarar omtrent 2 500 000 kroner i dag. I tillegg fekk Garborg ein hest, og ein medalje. Men medaljen vart selt på ein auksjon, og ingen visste kor den hadde tatt vegen. Før no.

Jakta etter medaljen

– Vi her på Garborgsenteret begynte å leite etter medaljen då Jon Fosse vann litteraturprisen. Då oppdaga vi at medaljen hadde vore like i nærleiken, her på Bryne, fram til berre nokre år sidan!

Eigarane av medaljen hadde til og med forsøkt å selje medaljen til kommunen den gongen, men kommunen takka nei.

– Kanskje forståeleg nok, dei visste jo ikkje kva medaljen var, og det gjorde nok ikkje eigarane heller. Og så vart den selt igjen, til eit auksjonshus.

Auksjonshuset ville ikkje oppgi kven som hadde kjøpt medaljen, og mysteriet vart verande uløyst.

– Og så sat vi her for to veker sidan, og prata om medaljen, og så ringer telefonen. Og då er det eigaren av medaljen som har sett i avisa at vi har leita etter medaljen! Det var ein skikkeleg opptur.

– Det er jo heilt fantastisk

– Når ein samlar er det alltid moro å gjere eit godt funn.

Det seier Carl Christian Mathiesen. Han er samlar, og seier han truleg har ei av Noregs største samlingar av brev og manuskript frå kjente norsk menn opp igjennom dei siste 300 åra.

– Eg kom over medaljen på eit antikvariat i Oslo. Dei visste ikkje heilt kva det var, og ikkje eg heller.

Men han oppdaga raskt kva det var han hadde fått tak i.

– Å sjå at medaljen har vore etterlyst i fleire år, og når ein veit bakgrunnen og betydninga av medaljen – det er morosamt å eige.

Men samstundes er det òg viktig å dele han med andre, seier Mathiesen.

– Den kan ikkje berre ligge i ei skuff. Nettopp derfor ønskjer eg at Garbogsenteret skal få stille den ut.

Det er Zazzera Johansen takksam for.

Så det er jo heilt fantastisk. Vi lurer på å stille ut medaljen i samband med neste utdeling av Nobelprisen i litteratur. Det er ei god anledning, avsluttar han.