Semje om kraftige politi-kutt

10–12 politidistrikt og 150 færre lensmannskontor kan vera framtida for norsk politi. – Tidenes sentralisering, åtvarar Senterpartiet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan mista 150 lensmannskontor

Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet skal ha vorte samde med Venstre om eit stort kutt i talet på politidistrikt, skriv VG. I dag er Noreg delt inn i 27 politidistrikt, men dei tre partia skal no vera samde om å kutta dette til mellom 10 og 12.

LES OGSÅ: Samlar troppane mot Oslo-makta

Reformasjonen
Nedskaleringa av politidistrikt er del av den nye politireforma. Det er venta at regjeringa si skisse til ny reform blir offentleg fredag 30. januar eller fredag 6. februar.

Det er ei gruppe på fire personar med justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) i spissen som har forhandla. Dei skal ha blitt samde om å følgja opp forslaget frå Politianalysen som kom i fjor, om å leggja ned 144 av dei 354 lensmannskontora i landet.

LES OGSÅ: Ordføraropprør mot sentralisering av politiet

Usemje på fleire punkt
Gruppa er samd om å ikkje setja opp ei endeleg liste over kva lensmannskontor som skal leggjast ned, og det blir truleg opp til politimeistrane lokalt å avgjera dette.

Det er også usemje om kven som skal ha makt til å utnemna politimeistrar, og ifølgje VG har dette utvikla seg til noko av ei symbolsak. Høgre og Frp vil gi fullmakta til politidirektøren, mens Venstre står hardt på ordninga vi har i dag – at politimeistrane skal vera embetsmenn utnemnde av Kongen i Statsråd.

LES OGSÅ: Navarsete fryktar sentralisering av politiet

Sp: Tidenes sentralisering
Senterpartiet fryktar den nye reforma vil svekkja beredskapen lokalt.

– Dette vil bety tidenes sentralisering av norsk politi. 144 lensmannskontor vil forsvinna. Dette er ei reform for å svekkja lokal kunnskap og beredskap, seier Marit Arnstad, parlamentarisk leiar i Senterpartiet, til NTB.

– Ansvarsfråskrivinga til Venstre og regjeringa overraskar meg. Dei veit at Politianalysen føreslår ein reduksjon på 144 lensmannskontor, men er for feige til å gjera kutta sjølve, seier ho.

LES OGSÅ: Rekordmange vil bli politi

Ti distrikt i Politianalysen
Politianalysen, NOU-en som vart levert til Justis- og beredskapsdepartementet i juni 2013, tilrådde ei organisering av politiet i berre seks politidistrikt, men hadde også med andre forslag.

Ein mellommodell med ti politidistrikt er utvikla med utgangspunkt i bu- og arbeidsmarknadsregionane i Noreg, korrigert for geografiske avstandar, innbyggjartal og kriminalitetsbilete.

Politidistrikta i mellommodellen er: Sør (Agderfylka), Rogaland, Vest (Sogn og Fjordane og Hordaland), Midt (trøndelagsfylka og Møre og Romsdal), Nordland, Nord (Troms og Finnmark), Innland (Hedmark og Oppland), Østland (Akershus, Østfold), Stor-Oslo (Oslo, Asker og Bærum) og Sør-Øst (Buskerud, Vestfold og Telemark).

LES OGSÅ: Vil innføre droner i politiet

Strid om nord
Mellommodellen verkar i dag som det mest sannsynlege alternativet, men eitt av dei store stridsspørsmåla der regjeringspartia og Venstre ikkje har blitt samde, er spørsmålet om dei nordlegaste fylka.

Venstre vil ha ein eigen politimeister i Finnmark, medan Høgre og Frp står hardt på ein felles region-politimeister for Troms og Finnmark med base i Tromsø, skriv VG.

Partiet meiner Finnmark, som har ansvaret for yttergrensa til Schengen-samarbeidet mot Russland, og som har svært store avstandar, treng eigen politimeister. (©NPK)