Ukrainsk domstol anerkjenner likekjønna par
For første gong har eit likekjønna par blitt juridisk anerkjent som ein familie i Ukraina.

Ein tingrett i Kyiv har formelt anerkjent partnarskapet mellom Zoryan Kis og partnaren hans, Tymur Levchuk. Paret har budd saman sidan 2013 og vart gift i USA i 2021.
Zoryan Kis er ambassadesekretær ved den ukrainske ambassaden i Israel. Det ukrainske utanriksdepartementet nekta først å godta Levchuk som familiemedlem til Kis, noko som gjorde at han ikkje fekk bli med Levchuk på det diplomatiske oppdraget, slik ektefellar elles har rett til.
– Stort og viktig steg
Paret klaga på avgjersla, og tingretten i Desniansky-distriktet i Kyiv valde altså å anerkjenne partnarskapet deira.
Retten siterte den ukrainske grunnlova, i tillegg til den europeiske menneskerettsdomstolen, som pålegg statar å sikre juridisk anerkjenning og beskytting for likekjønna familiar.
– Eit veldig stort og viktig steg mot likestilling i ekteskapet i Ukraina, og ein liten siger i kampen vår for «enkel familielukke» for ukrainske diplomatar, skreiv Kis i eit innlegg på Facebook.
70 prosent for likestilling av skeive
Likekjønna par i Ukraina har i dag ingen lovfesta rett til ekteskap eller partnarskap. Ukrainske LHBTQ-organisasjonar feirar difor denne anerkjenninga frå tingretten som ein viktig siger i arbeidet for skeives rettar i landet.
– Det er ein presedens som viser at endring er mogleg, skriv organisasjonen Insight på Instagram.
Ifølge ei undersøking frå 2024 meiner 70 prosent av ukrainarar at innbyggarar under LHBTQ-paraplyen bør ha likestilte rettar. Eit lovforslag om å anerkjenne sivilt partnarskap vart introdusert i 2023, men det har enno ikkje kome til behandling i parlamentet grunna manglande godkjenning frå justiskomitéen.