I bokhylla: Fabian Christensen vil lesa om dei harde sidene ved livet, gjennom ei humoristisk linse

Forfattaren meiner at det å skriva noko «ulovleg», å bryta reglane i form og tankar, kan gjera ei bok god.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg les sakte, og har så mykje på dagsordenen at eg ikkje gir meg nok tid til å setja meg ned med ei bok. Men eg les bøker, altså. Eg gjer det!

Det skriv Fabian Christensen (31) i ein e-post til Framtida.no.

Skodespelaren stakk av med sigeren i Cappelen Damm sin manuskonkurranse i 2023, og debuterte med barneboka Kompis året etter.

Fabian Christensen

Alder: 31

Frå: Holmlia, Oslo

Utdanning: Bachelor i skodespel

Yrke: Skodespelar

Kor mykje les du sjølv? Oj, ikkje så mange, faktisk.

Me har teke ein kikk i bokhylla til den ferske forfattaren.

– Kva bøker les du helst?

– Fell for tragikomedien. Det er jo ofte det mest menneskelege. Dei harde sidene ved livet sett med humoristisk blikk. Eg likar kontrastane i det, skriv Christensen.

Han dreg fram Kollektivt selvmord Arto Paasilinna.

– Det blir jo ikkje mørkare enn det, og så er det så hysterisk morosamt. Derfor blir det også veldig håpefullt. Sånt trengst.

På nattbordet

Han les helst i sofaen, på bussen eller på stranda. På «nattbordet» om dagen ligg For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges av Kyrre Andreassen.

– Kva bøker vart lesen til deg som liten? 

– Mamma las nok ein del for meg, men eg hugsar faktisk ikkje heilt kva. Og det er ikkje til forkleining for mor mi eller andre føresette, for me søskena vart heile tida fora med bøker, men det er berre ikkje veldig klart for meg. Trur eg kanskje tok saka i eigne hender ganske tidleg (sjølv om eg las dritsakte og ikkje klarte fokusera). Eg var nok mest glad i bileta. Teikneseriar vart greia mi. Men altså, me hadde jo Tassen og Ludde!

I tenåra gjorde Darlah – 172 timer på månen inntrykk.

– Den fekk meg til å sveitta ut på hytta. Altså, den skremde driten ut av meg! Eg torde ikkje sjå mitt eige spegelbilete etter å ha lese henne.

Beatles

– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?

– Ein suksess som Beatles hadde jo vore veldig greitt. Det er vanskeleg å seia kva det er med den boka. Den er berre god tvers igjennom. Det er vel noko med at ein får vera så tett på ein så tett vennskap over lang tid. Eller Ut og stjæle hester! Utruleg å få til å skriva ei såpass langsam bok, men som likevel er ein pageturner. To ufatteleg fine bøker!

Når det gjeld kva forfattar eller bok som er mest undervurdert kjenner Christensen at han kjem til kort.

– Kjenner ikkje at eg er såååå boklærd.

Naiv. Super

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– For meg handlar det om balansen mellom det som gjer ordentleg vondt i livet og det som gjer veldig godt. Å klara å bretta ut det trivielle og visa kor interessant det kan vera. Å visa det humoristiske i det triste, og det triste i det humoristiske. Å skriva noko «ulovleg», bryta reglane i form og tankar, vera brutalt ærleg om det mest intime og sårbare, og ikkje vera redd for å gå langt inn i det dystre.

Sjølv kjenner han seg mest igjen i hovudpersonen i Naiv. Super.

– Det er favorittboka! Den krisa han får i boka, den har eg hatt (og ho slepper meg ikkje heilt), men ho er altså berre så forbanna fin!

Signert Alkymisten

– Om du berre skulle lesa bøker frå éin forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Eg må vel nesten seia Erlend Loe. Då får eg litt av alt. Men dersom det blir for absurd (eg er veldig glad i det absurde, altså), så kan eg bli litt mett. Det er som å binge Monty Python. Det er vanskeleg i lengda. Må takast i små dosar.

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Paulo Coelho. Så kunne han signert Alkymisten og sagt eit par velvalde ord om livet. Han må vera ein veldig klok mann.

Kul tenåring

– Boka di vert filmatisert – kven speler hovudrolla?

– Ein kul tenåring frå Oslo øst. Sorry ass, Frogner, men sånn må det nesten bli!