Oppfordrar til meir øvingskøyring i sommar
Nesten 40 prosent har stroke på teoriprøva hittil i år. Øvingskøyring betrar sjansane for at fleire står på teorien og oppkøyringa første gong dei prøver, ifølgje Statens vegvesen.

– Vi oppfordrar alle som skal ta førarkortet til å førebu seg godt og øvekøyre mykje. Start så tidleg som mogleg, slik at du får mest mogleg erfaring. Den beste læringa skjer over tid, og sommaren er eit fint høve til å øve mykje. Målet vårt er at fleire skal stå på både teoriprøve og oppkøyring på første forsøk, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen Heidi-Kristing Herbst i ei pressemelding.
Så langt i år har Vegvesenet gjennomført over 110.000 teoriprøver og 73.144 oppkøyringar. Hittil har 39 prosent stroke på teoriprøva og 23 prosent har stroke på oppkøyringa.
Andelen som tek oppkøyringa med automatgir aukar for kvart år. I år har andelen auka til 65 prosent for personbil. Til samanlikning var det berre 6 prosent som tok oppkøyring med automatgir i 2016.
Vegvesenet oppfordrar alle til å førebu seg godt og øvingskøyre mykje, uansett kva bil ein skal køyre opp med.