OL-rekning på 28 millionar
Søknadsprosessen til OL i Oslo i 2022 kosta Noregs idrettsforbund (NIF) 28 millionar kroner, skriv VG.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
OL-rekning på 28 millionar
– Rekneskapen viser ein total på 28 millionar kroner frå 2011 til 2014, seier kommunikasjonssjef Per Tøien i idrettsforbundet til avisa.
LES OGSÅ: Kroken på døra for Oslo 2022
Dyrt norsk hus
Dei største utgiftene har vore i samband med avstemminga i 2013 og Norway House under Sotsji-OL i fjor. Huset blei brukt som eit ledd i marknadsføringa av Oslo-OL.
Førsteamanuensis Dag Vidar Hanstad ved Noregs idrettshøgskole seier det har blitt ein kostbar prosess, men at det viktigaste er om NIF har lært noko av den.
– Dei som var imot OL-søknad, vil igjen få eit argument mot NIF-leiinga. Og den sjansen trur eg at nokon kjem til å bruke, seier Hanstad.
OL-søknaden blei lagt død då stortingsgruppa til Høgre sa nei til leikane i oktober i fjor. (©NPK)
LES OGSÅ: Oslo-elevar seier ja til OL