Verdsdagen for naturmangfald:
Ny undersøking: 53 prosent av veljarane seier klima og natur blir viktig i årets val
Undersøkinga er gjennomført av Opinion, på vegner av WWF og fem andre organisasjonar.
Eit representativt utval av befolkninga er spurd om sitt forhold til natur, naturtap og klimaendringar. 1005 personar, fordelt på kjønn, alder og landsdel har blitt intervjua.
Undersøkinga viser at 1 av 2 veljarar seier klima og natur blir viktige saker når dei skal stemme i haust.
I tillegg svarar 77 prosent at dei synest Stortinget og regjeringa bør ta større ansvar for å hindre nedbygginga av norsk natur.
Det er organisasjonane WWF, Den norske Turistforeining (DNT), Regnskogfondet, Naturvernforbundet, Sabima og Norsk friluftsliv som har bestilt undersøkinga.
– Natur og klima framleis viktig
– Trass i at verda er prega av mykje geopolitisk uro, er det ingen tvil om at natur og klima framleis er viktige valsaker, seier generalsekretær i WWF, Karoline Andaur i ei pressemelding.
– Norsk friluftslivtradisjon står sterkt
Eit høgt tal av dei spurde, 81 prosent, svarar i undersøkinga at naturopplevingar er viktige for dei.
– Den norske friluftslivtradisjonen står sterkt, men han står og fell på at vi har tilgjengeleg og variert natur å ferdast i. Viss vi skal sikre barn og unge dei same moglegheitene for naturopplevingar som vi sjølv har hatt, må politikarane prioritere natur langt høgere i tida framover, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.
Undersøkinga kjem på verdsdagen for naturmangfald, den 22. mai 2025.