Stina (21) fekk ikkje eksamen på nynorsk: – Veldig halvvegs

Norsk Målungdom oppmodar studentar til å klage om dei ikkje får eksamen på målforma si.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg fekk ikkje eksamen på nynorsk sjølv om eg var meld opp til eksamen på nynorsk.

Det fortel Stina Ringdal Strøm (21) på telefon til Framtida.no. Ho er leiar i Studentmållaget i Bergen og går tredje året på profesjonsstudiet i psykologi ved Universitetet i Bergen. Då ho 12. mai skulle ha eksamen, fekk ho berre oppgåvene på bokmål.

– Eg synest sjølvsagt at det er veldig dumt. Det er jo ein ting eg eigentleg har rett på.

Før eksamen måtte studentane registrere målform i Studentweb. Det stod difor eksplisitt kva målform Strøm skulle ha oppgåvene på.

– Når ein likevel ikkje får det, føler ein at arbeidet for språkleg inkludering på universitet er veldig halvvegs.

Skjermbilete Studentweb

Sviktar stadig

Det er første gongen psykologistudenten opplever å ikkje få eksamensoppgåvene på nynorsk.

– Så eg har alltid trudd at det berre gjekk av seg sjølv, men eg snakka med ein annan på studiet som òg var oppmeld på nynorsk, og han fekk heller ikkje eksamen på nynorsk i det emnet.

Eksamenen var i emnet skule- og opplæringspsykologi, og på nettsidene til UiB er emneskildringa på nynorsk.

Skjermbilete UiB

– Det er det eg meiner med at det er litt halvvegs innsats frå universitetet si side. Dei kan skrive emneskildringar og emnekodar på nynorsk, og det er Universitet i Bergen for så vidt ganske gode på, men det er jo eigentleg oppgåvene og det akademiske arbeidet som er viktigast, og det er dumt at det stadig sviktar.

Ho har inntrykk av at det er eit problem ved mange universitet og høgskular.

Skjermbilete av eksamensoppgåve.

Har klaga

På eksamen såg ikkje Strøm anna råd enn å nytte bokmålsoppgåvene, sjølv om ho leverte svaret sitt på nynorsk. I etterkant har ho sendt klage via Norsk Målungdom sin klageportal.

Ho håpar universitetet tar klagen på alvor.

– Eg håpar dei tar det til seg. Eg meiner at der det er studentar som er oppmelde til eksamen på ei viss målform, så skal dei automatisk lage eksamen på alle målformene. Det skal ikkje vere noko studentane må spørje om. Uansett om det berre er éin student som er meld opp på nynorsk, skal dei likevel få eksamen på nynorsk.

21-åringen er også aktiv i studentpolitikken, og tenker å ta saka vidare til studentparlamentet.

Ein rett

Leiar i Norsk Målungdom Sebastian Vinsent Natvik forklarar at om faget blir undervist på norsk og du får eksamensoppgåva di på norsk, så skal du få oppgåva på di målform.

– Det er ein rett både nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar har, understrekar han.

Natvik poengterer at emneansvarleg har ansvar for å ha oversikt over kven som nyttar kva målform, og at det ryddigaste er å tilby eksamen på begge målformer.

Målungdomsleiaren oppmodar studentar som ikkje får eksamen på målforma si til å nytte klageportalen til Norsk Målungdom.

– Vi legg fram klagen for studiestaden med kva lov dei har brote og korleis det skal bli følgt opp, og så blir Språkrådet lagt i kopi. Dei har i oppgåve å følgje opp studiestaden etter at dette er blitt gjort.

Ifølgje Natvik er det store mørketal i antal klager, fordi det kjem an på kor flinke dei har vore til å reklamere for klageportalen.

– I førre semester vil eg seie at vi var veldig dårlege. Vi har vore litt betre dette semesteret, så då ser det plutseleg ut som om studiestadane verkeleg hadde blitt betre på haustsemesteret i fjor, men det har dei jo ikkje.

Ifølgje Natvik kjem det ein del klager som gjeld private universitet og høgskular. Frå 1. august 2022 trådde fleire endringar i universitets- og høyskoleloven i kraft. Ei av endringane var at studentar ved private institusjonar òg fekk rett til å velje kva norsk skriftspråk dei vil ha eksamen på. Det inneber at både statlege og private institusjonar no er pliktige til å tilby eksamensoppgåver på det ønska skriftspråket.

Dårleg språk

Natvik legg til at det også er viktig å klage på eksamen dersom språket rett og slett er dårleg.

– Misforståingar som kjem av dårleg språk i oppgåva har skjedd før, og den feilen går som regel ikkje i studenten sin favør.

Han trekker fram ei hending frå i fjor, då ein medlem i Studentmållaget i Oslo fekk oppgåvesettet til eksamen frå året før då han gjekk innpå nynorskversjonen.

– Viss det ikkje var for at han sjekka bokmålsversjonen, kunne han kanskje stroke, seier Natvik.

Universitetet i Oslo stadfestar til Framtida.no at det var feil oppgåve på nynorsk i det aktuelle emnet. Dei understrekar at studenten ikkje kunne risikert å stryke på grunn av det. Dersom det blir gjort feil frå universitetets side, vil dei tilby best mogleg kompensasjon, som ekstra tid, utsett eksamen eller sensur av det som blei levert.

Også Stina Ringdal Strøm i Bergen har opplevd eksamenar med dårleg språk.

– Men det er eigentleg på tvers av både dei som hadde bokmål og nynorsk. Eg har opplevd at det har vore nokon kronglete engelsk-greier i eksamensformuleringar tidlegare. Det er noko både nynorskstudentar og bokmålsstudentar har kommentert på, at det har sett veldig rart ut.

Veit ikkje kva som har skjedd

Seksjonssjef ved Det psykologiske fakultet ved UiB Hege Sygna forklarar til Framtida.no at alle eksamensoppgåver blir gitt på både nynorsk og bokmål. Det er forskriftsfesta og uavhengig om det er meldt studentar til eksamen i nynorsk.

Ifølgje Sygna hadde emnet Strøm skulle opp i eksamensoppgåver på nynorsk og bokmål, og dei kan ikkje sjå at det har vore problem med systemet denne dagen.

– Kva som har skjedd i akkurat i dette tilfellet er vanskeleg å seie, men det er slik at om ein kandidat opplever å ikkje finne riktig språkform på eksamen så skal dette meldast i lokalet. Vi har ikkje loggført ei slik hending denne dagen.

Sygna beklagar at studenten ikkje fekk eksamen på riktig målform denne dagen og at dei ikkje kan seie nøyaktig kva som har skjedd.

– Vi opplever ikkje at dette er, eller har vore, eit problem hos oss då vi har særs gode rutinar knytt til dette og alt blir kvalitetssikra i fleire ledd. Denne kvalitetssikringa vil vi fortsette med.

Stina Ringdal Strøm er usikker på korleis ho skal stille seg til svaret frå UiB.

– Eg fekk uansett ikkje oppgåva mi på nynorsk, og då hjelper det jo for så vidt lite om dei har laga oppgåva på nynorsk om ho ikkje blir gjort tilgjengeleg på eksamensdagen. Eksamensprogrammet (Inspera) let meg ikkje velje nynorsk side, slik eg vanlegvis har kunne. Opplevinga mi er jo at eksamen ikkje blei tilgjengeleg på nynorsk denne gongen. Det kan ha vore ein programvarefeil i Inspera, men eg er ingen IT-ekspert. Nynorskstudentar skal heller ikkje trenge å vere IT-ekspertar for å finne fram eksamen på nynorsk.