Slutt for bokbåten i Sogn og Fjordane

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har vedteke å avvikla ordninga med bokbåten Epos i fylket.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slutt for bokbåten

Framtida til båten har vore oppe i fleire politiske forum den siste tida. Under fylkestinget onsdag blei det endeleg bestemt å leggja ned tilbodet. Grunnen er at Sogn og Fjordane må kutta nærmare 120 millionar kroner i budsjettet neste år.

LES OGSÅ: Facebook-aksjon for å redda bokbåten

Sparer 1,3 millionar
Under fylkestinget onsdag var det berre Venstre og Frp som røysta for å halda fram drifta av bokbåten, fortel NRK.

Men for mange politikarar var det ei tung avgjerd å ta, fortel kanalen.

– Dette har vore ei sak med tårer og krokodilletårer, sa Trude Brosvik (KrF), som har vore ein av forkjemparane for at bokbåten skulle få leva vidare i fylket.

Nedlegginga gjer at fylkeskommunen sparer 1,3 millionar kroner. Bokbåten har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: Tre bloggande bibliotekarar