The Legend of Ochi er ei litt vel klassisk forteljing med eit par lyspunkt.

Jenny Lund
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.

For å leve eit sunt liv treng eg stadig tilførsel av filmar med praktiske effektar og morosame skapningar. Det vart eg lova av den nye eventyrfilmen The Legend of Ochi, og det leverte han også. Kva med resten av filmen?

«The Legend of Ochi»

Nasjonalitet: USA

Regi: Isaiah Saxon

Noregspremiere: 09.05.2025

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Eventyr

Speletid: 1t 35m

 

Ochi-jakt

På ei øy i Svartehavet bur den unge jenta Yuri (Helena Zengel) saman med faren Maxim (Willem Dafoe) og adoptivbroren Petro (Finn Wolfhard). Landsbyen deira ligg tett på dei djupe skogane og farane som luskar der, og blant desse er det spesielt ein type skapning som spreier frykt: Dei apeaktige ochiane. Maxim er leiaren for ei gruppe unge gutar som vert lært opp til å jakte på desse beista, ein aktivitet som Yuri motvillig vert dratt med på.

Då ho finn ein einsam babyochi i ei av fellene faren har sett ut, bestemmer Yuri seg for å trasse alt han står for og finne heimen til den litle krabaten. Med den enorme skogen framfor seg og Maxim med sin tropp jegerar i hælane krevst både styrke og mot om Yuri vil nå målet sitt – og på vegen tek eit spesielt vennskap form.

Veltrødde spor

Oppsettet til The Legend of Ochi er klassisk, for å seie det mildt. Eit barn blir venn med ein skapning av ein hata art og dei drar på eit magisk eventyr? Ikkje noko uhøyrt.

Det treng så klart ikkje bety at noko er dårleg eller ikkje kan ha andre overraskingar på lur, men dessverre er dette eit av tilfella der overraskingane er sjeldan kost.

Det kunne ha vore redda av god dialog, men for å vere heilt ærleg er dette kanskje det flataste filmmanuset eg har sett på kino i år. Ein veit kva ein kan vente på kvart tidspunkt. Scenene rullar forbi som instruksar: Dette er den morosame scena, le, dette er rørande, grin. Musikken følgjer med, utan å gi rom for ambivalens.

Skodespelet er bra, som tek litt av støyten.

Eg får aldri nok Willem Dafoe, og Helena Zengel har ein veldig fin, stille «rarheit» til seg som verkeleg får fram kor utilpass Yuri føler seg i livet.

Likevel vert det ikkje nok, og eg sit ikkje igjen med eit inntrykk av desse folka som heile karakterar, men som tropar som bevegar handlinga vidare. Dei veks som personar, ja, men det skjer så kjapt og enkelt at det kjennest direkte ufortent. Dialogen slo meg tidvis også som direkte banal, som då Yuri rett ut fortel adoptivbroren Petro at han «berre er snill når ingen ser på», ein slåande karakteristikk som kanskje hadde hatt noko vekt om filmen faktisk fekk det fram ved å vise det, heller enn å berre seie det.

Søte skapningar og storslått natur

Det største The Legend of Ochi har gåande for seg ligg i namnet: Babyochien er nemleg superskjønn.

Om det er noko du bør vite om meg, så er det at ingen ting er så viktig for meg som ein liten skapning. Eg gret kvar gong Kermit syng Rainbow Connection i Muppetfilmen. Babyen frå Eraserhead er som ein religiøs skikkelse for meg.

Det er med det ikkje så overraskande at eg lét meg sjarmere av ein imponerande livaktig liten apeskapning. Bevegelse, utsjåande, ljodar – alt kjennest riktig og levande ut.

Det er også sjarmerande å sjå korleis Yuri sakte, men sikkert får den litle ochien til å stole på henne, spesielt i ei scene der ho må lære han at larver er venar, ikkje mat.

Eg må likevel seie at babyochien ser distraherande ut som Grogu, eller «baby Yoda» – og syng som Gizmo frå Gremlins. Igjen, originalitet er ikkje The Legend of Ochi si sterke side.

Ofte ser filmen nydeleg ut, med storslått natur, filma på location ved Karpatane i Romania. Skogane er mørke, og tåka ligg tjukk over fjella. Hus og hytter, både utanfrå og inni, er smekkfulle av personlegdom. Infrastrukturen på øya er tydeleg inspirert av sovjetisk estetikk, med russiske songar dundrande på kasseradioar. Eg får lyst til å lære og sjå meir av den verda.

Likevel dukkar det av og til opp et bilete som ser så skjerande kunstig ut det tek meg heilt ut av flyten. Ein slik stil kan fungere, men berre om han vert nytta konsekvent, noko som ikkje er tilfellet her. Det er synd, for når filmen ser bra ut, er han verkeleg flott.

Midt på treet

Det største problemet med The Legend of Ochi er at han rett og slett er litt kjedeleg. Fleire gonger tok eg meg sjølv i å tenkje på om ikkje filmen snart var over. Med ei speletid på 95 minutt, er det eit faresignal.

Likevel kan eg ikkje seie at eg synest han var direkte dårleg. Det ligg nok tydeleg kjærleik og kompetanse her til at eg må setje pris på det, og sjølve filmverda er ganske fin å vere i. Handlinga er platt, men rører litt ved hjartestrengane, spesielt når babyochien er involvert. Eg sit ikkje igjen og tenker at eg har sløst tida mi, men eg trur aldri eg kjem til å sjå The Legend of Ochi igjen – og hadde levd heilt greitt utan å ha gjort det første gongen heller.

Terningkast: 3