Klima og miljø

5 globale framsteg du kanskje ikkje har høyrt om

Thea Emilie Maubach-Vindenes og Vilde Marie Steen Angell
Talsperson og redaktør i Verdens Beste Nyheter
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Fleire unge unngår å lesa nyheiter, fordi det er så mykje negativt i nyheitsbiletet.

Me blir overvelda av endelause nyheitsoppdateringar om krig, geopolitiske kriser, klimaendringar og tilbakeslag mot menneskerettane.

Samtidig skjer det mange globale framsteg, og det dukkar stadig opp nye løysingar på problem som verda står overfor!

Desse sakene burde dei store, redaksjonelle avisene skriva meir om, men all den tid dei ikkje gjer det er informasjonskampanjen Verdens Beste Nyheter frå Changemaker og Press – Redd Barna Ungdom eit godt alternativ for å lesa positive nyheiter.

Her er fem globale framsteg du kanskje ikkje har høyrt om, og som vil få deg til å sjå litt lysare på framtida:


1. Rekordmange latinamerikanarar lever over fattigdomsgrensa

Dei siste åra har fleire land i Latin-Amerika og Karibia, ofte referert til som Lac-regionen, klart å redusera den generelle fattigdommen i regionen.

I 2022 nådde Lac-regionen ein rekordlåg prosentdel fattige, med 26 prosent under fattigdomsgrensa. I 2024 låg talet på 25 prosent.

Grupper som tradisjonelt har vore sårbare for fattigdom stod for ein mindre del av dei fattige i 2022, enn dei gjorde i 2019.

Desse tala gir håp for at regionen igjen skal få til ein effektiv auke av levestandard, slik dei opplevde tidleg på 2000-talet.


2. Tilgang på fornybar energi aukar over heile verda

Ein FN-rapport viser at ein større del av befolkninga i verda har tilgang på elektrisitet enn for ti år sidan.

Talet på menneske utan tilgang til elektrisitet fall frå 958 millionar menneske i 2015 til 685 millionar menneske i 2022.

I tillegg har den totale mengda elektrisitet frå fornybare kjelder vakse. Globalt har elektrisitetskapasitet frå fornybar energi auka frå 250 watt per innbyggjar i 2015 til 424 watt per innbyggjar i 2022.

Auken er størst i det globale sør, der elektrisitet frå fornybar energi auka frå 155 watt per innbyggjar i 2015 til 293 watt per innbyggjar i 2022. Det er nesten ei dobling!

Ifølgje UNICEF forbetrar auka energitilgang den generelle tilgangen og kvaliteten på andre nødvendige tenester, slik som utdanning, helsetenester, vatn og sanitærforhold.


3. Gjennombrot i mikroplastproblemet

Mikroplast er bitar av plast som er mindre enn 5 millimeter. Mikroplast er eit stort miljøproblem, då det kan øydeleggja heile økosystem. Særleg finn ein mykje mikroplast i havet.

Heldigvis finst det ei løysing.

Kinesiske forskarar har funne ut at kombinasjonen av kitin frå beinet til ein blekksprut, og cellulose frå bomull, kan skapa ein slags svamp som kan absorbera mikroplast. I prøvane deira fann dei at svampane fjerna opptil 99,9 prosent av mikroplasten!

Både bomull og blekkpurbein er lett tilgjengeleg, og billig. Dersom dette kan skalerast opp, kan det vere eit viktig steg mot ei løysing på mikroplastproblemet.


4. Stor nedgang i farleg vatn

Tal frå IHME, eit forskingsinstitutt for global helse, viser at andelen av menneske som døyr av forureina vasskjelder har gått ned med 76 prosent sidan 1990.

Det er særleg i afrikanske og asiatiske land at det har skjedd store framsteg. Nokre av årsakene til dette er at reint drikkevatn har vorte meir tilgjengeleg for fleire menneske, det er bygd fleire toalett, og det har vorte meir fokus på og kunnskap om hygiene.


5. Europa satsar stort på tog

Stadig fleire europearar vel tog som transportmiddel. Sett bort frå nedgang under pandemien, viser tal frå Eurostat at tendensen det siste tiåret var at europearar i aukande grad vel å ta toget.

I 2023 nådde togpassasjerertransporten i Europa nye høgder, då heile 429 milliardar passasjerkilometer vart tilbakelagde! Dette har resultert i at styresmakter og investorar i europeiske land er i gang med utvida togtilbodet, slik at endå fleire kan reisa miljøvennleg.