Marstein: – Det er rasisme
Undergrunn-profilen Marstein konfronterte Sebastian «Baris» Brevik i debattvideo som får ros.

Undergrunn-rappar Marstein møtte Sebastian «Baris» Brevik i politisk videodebatt som søndag vart publisert på kanalen til Youtube-kollektivet Gutta. Dei debatterte skatt, kjønn, klima, støtteordningar og ungdomskriminalitet knytt til innvandring.
Det var spesielt på siste tema Marstein vart engasjert, og konfronterte Brevik om reaksjonane under ein video han la ut på TikTok i februar.
I videoen seier Brevik at fjellet er den einaste staden ein ikkje treng å bekymre seg for tjuveri, og spør retorisk «lurer på kvifor?».
– «Ingen lakrisungar der» er toppkommentaren der. Han har nokre tusen likes, seier Marstein.
Brevik kallar det først «stigmatisering» og blir utfordra på ordbruken.
– Det er rasisme, presiserer Marstein.
Brevik seier seg samd, og Marstein oppmodar han til å ta det standpunktet meir tydeleg for dei unge sjåarane sine.
Fekk versting-pris tidlegare i år
Gutta-kanalen har vore i hardt vêr fleire gonger i løpet av det siste året.
Komikar Abubakar «Abu» Hussain har kritisert påverkarane for å lage innhald forkledd som humor som spreier homofobe og rasistiske haldningar.
Dei vart òg tildelt «Årets Gullbarbie» av ungdomsorganisasjonen Press.
– Selskapets negative og utdaterte haldningar bidreg til ein ukultur blant unge, spesielt gutar, som er skadeleg for deira utvikling som barn, skreiv Press – Redd Barna ungdom i eit innlegg på Instagram då dei delte ut prisen.
Dei meinte at mykje av innhaldet dei produserte ikkje passa seg for barn, og at det var kritikkverdig at dei tente pengar på det.
Motverke ekkokammer
– Det nærmar seg val, det finst forskjellige meiningar der ute, internettet byrjar å likne meir og meir på eit ekkokammer, oppgir Marstein som grunnane til at han ville stille i til debatt.
Videoen er sett over 205 000 gongar, og blir rost av både debattinnlegg i VG, og i kommentarfeltet til kanalen. Student Herman Enzell-Tangen skriv i VG at det er forfriskande å sjå ein jamaldrande fyr utfordre Brevik på fleire av standpunkta hans.
– Det er på høg tid å halde innhaldsskaparar ansvarlege. Med ei stor plattform følgjer ansvar – særleg overfor unge, skriv Enzell-Tangen.
«Meningene til side, jævla mykje cred’s til gutta for å bringe politikken og debatt til de unge her i landet med å bruke folk de unge faktisk bryr seg om å høre på!» skriv ein konto under videoen.
«Jeg synes Marstein hadde mange gode poenger. Men dette er den beste debatten hittil. Fordi de er begge reflekterte,» skriv ein annan.
– Vi har jo klart å kome til einigheit på litt, i alle fall, delvis. Overall var det ganske bra chat, seier Brevik på slutten av diskusjonen.
● Les også: Gutta Sprut AS får årets Gullbarbie