Politikk og samfunn

«Boikott Eurovision!»

Me kan ikkje stengja ute Russland og halda Israel inne i varmen for dei same grove brota på internasjonal lov, skriv AUF-ar Mattias Eikeland.

Mattias Eikeland (18)
Organisatorisk nestleiar i Bergen AUF og internasjonalt og forsvar-ansvarleg i Vestland AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I år boikottar eg Eurovision.

Eg boikottar Eurovision fordi råskapen i Ukraina må ta slutt. Okkupasjonen av Vest-Sahara må ta slutt. Massemordet på Gaza må ta slutt. Og mest av alt, den internasjonale dobbeltmoralen som er overalt i det internasjonale samfunnet, frå FN til Eurovision, må ta slutt.

Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) vel å tillata Israel å bidra i Eurovision med Israels blodige bakteppe, og samtidig forbyr dei Russland å delta. Dobbeltmoralen i dette får meg verkeleg til å skjønna at verda er urettferdig.

For det er vinnarane som skriv historia – det gjer dei i dag òg. Det er Israel som nær alliert av USA som både får vera med i det internasjonale samfunnet, og samstundes sitja likegyldig og sjå på folke- og menneskerettsbrota i Gaza. Dette skjer samtidig som Vesten har valt ei anna linje overfor Russland: Ein total blokade av handel, diplomati og kultur.

Og om nokon ønskjer å halda kultur og politikk separat – eg skjønner dykk godt. Men me kan ikkje stengja ute Russland og halda Israel inne i varmen for dei same grove brota på internasjonal lov. Anten er begge ute av Eurovision eller så er begge deltakande. Det byggjer på eit grunnleggjande prinsipp: Alle skal behandlast likt.

Det er kvar og ein sitt ansvar å seia frå om at dobbeltmoralen til Vesten må ta slutt!

Boikott Eurovision Song Contest!