Ung forskarglede
Ungdomsskulelevar samarbeider med ein professor ved universitetet i Tromsø.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Å utvikla ein app, Saudaappen, som fortel om kva som skjer i Sauda sentrum, med rutetider for bussane og sider der butikkane kan visa seg fram. Å finna ut meir om kvifor så mange fleire saudaungdommar speler fotball enn handball. Og kva tankar og ønske har dei unge sjølv om innhaldet i den nye Ungdomskafeen som er under planlegging i tilbygget som skal koma til Folkets Hus?
Dette er mellom emna åtte elevar ved Sauda ungdomsskule vil forska på. Lars Kristian Drarvik, Inge Valskaar, Ole Henrik Birkeland, Maren Stensvåg Seim, Thomas Danielsen Birkeland, Kjell Anders Haukeland, Marte Nilsen Høiland og Ida Paus Rike har nemleg alle valt det nye valfaget «Unge forskere Sauda» ved skulen – eit pilotprosjekt som har som mål å frambringa fleire unge forskarar frå Sauda.
– Det fine er at her kan me sjølv koma med forslag til kva me skal arbeida med. Og så er det eit meir praktisk fag. Det er ikkje så mykje teori, sjølv om det også er det, seier Maren Stensvåg Seim.
Det er ho som vil forska på kva tankar og ønske dei unge har til den komande Ungdomskafeen. Då må ho laga ein plan for arbeidet, formulera spørsmål og gå ut i ungdomsmiljøet for å få svar på desse for så å presentera den ferdige rapporten.
Tanken bak pilotprosjektet er at elevane både skal arbeida med ei sjølvvalt oppgåve, anten i gruppe eller åleine, og samarbeida om ei felles oppgåve.