Myra vart spytta på og utsett for rasistisk hets: – Eg gjekk i frys
Eitt år seinare har ho behandla opplevinga i låten «Myra Midnatt». – Eg tenkte jo på ein måte at ikkje nokon kom til å bry seg, men det har vore så utruleg mykje omsorg.

– Tidleg på nyåret i fjor opplevde eg å bli kalla ein «jævla svarting» og spytta på av ein mann. Det vekte veldig mange prosessar i meg, fortel Regina Tucker (30).
Framtida.no møter Tucker, som er kjent under artistnamnet Myra, på ein kafé på Majorstua i Oslo. Ho har brukt tid på å prosessere det som skjedde for litt over eitt år sidan.
Rapparen var på veg heim til Bislett saman med ei venninne då dei kom over ein mann ho skildrar som aggressiv og svært sint. Han var saman med ei kvinne, og Tucker ville sjekke at det gjekk bra med kvinna.
– Då vende han sinnet sitt mot meg, og det skjedde mykje veldig fort. Eg likar å sjå på meg sjølv som ein person som er villig til å stå opp for meg sjølv og andre, men det klarte eg ikkje. Eg gjekk i frys, fortel artisten om då ho vart spytta i ansiktet.
Det var fleire som fekk med seg kva som skjedde, og som greip inn i situasjonen.
Vart redd
Opplevinga gjekk inn på Tucker og påverka måten ho såg på seg sjølv. Ho forklarar at det pirka borti vonde ting og tråkka på sjølvverdet hennar. Ho hadde høyrt om, og hatt empati med, liknande opplevingar frå andre. Ho har vore borti rasistiske ord før, men aldri stått i noko slikt.
30-åringen skildrar det som ekstremt ubehageleg å bli spytta i ansiktet, og fortel at ho gjekk i sjokk og var ganske skjelven dei neste dagane.
– Eg var veldig redd for å gå ut døra, for at han plutseleg skulle stå der. Det var ei litt traumatisk oppleving og eg fekk litt krisetankar. Kjem det noko meir, liksom?
Hendinga skjedde ikkje så langt frå der ho bur, og fekk ho til å kjenne seg ganske liten.
Gjekk til politiet
Tucker valde å politimelde. Ho hadde greidd å ta eit bilete av mannen, og sjølv om det var ein ukjent person for ho, fekk politiet spora han opp.
Oslo politidistrikt stadfestar til Framtida.no at politiet oppretta ei straffesak som blei avgjort med førelegg.
– Vi oppmodar til å melde til politiet viss ein blir utsett for hatkriminalitet, skriv pressesjef i Oslo politidistrikt Unni T. Grøndal i ein e-post til Framtida.no.
For Regina Tucker var det viktig å politimelde saka for å ta tilbake makta over sin eigen kropp. Ho opplevde prosessen med politiet som god, og følte at ho blei tatt på alvor.
– Det håpar eg andre også opplever, uansett kva situasjon dei er oppi. Og så var det fint å få anerkjent at det ikkje er heilt sjukt av meg å synest at det er fælt å bli spytta på.
Hatkriminalitet
- Hatkriminalitet er straffbare handlingar som heilt eller delvis er motivert av hat eller har bakgrunn i andre sin hudfarge, nasjonale eller etniske opphav, religion, livssyn, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk, eller nedsett funksjonsevne.
- Omgrepet famnar hatefulle og diskriminerande ytringar, men også vald og truslar, skadeverk, oppmoding til ei straffbar handling eller omsynslaus åtferd, som å personforfølge nokon eller krenke nokons fred.
- Politiet ser alvorleg på hatkriminalitet fordi det ikkje berre råkar den enkelte, men også fordi det kan skape frykt hos utsette grupper.
- Har du blitt utsett for hatkriminalitet, oppmodar politiet til å melde frå til lokalt politi.
Politiets siste rapport om politimeld hatkriminalitet syner at det totalt blei registrert 1090 politimeldingar koda som hatkriminalitet i Noreg i 2023. Dette er ein auke på om lag 18 prosent frå året før. Politiet antar at utviklinga har samanheng med auka bevisstheit rundt hatkriminalitet i befolkninga, i tillegg til auka kompetanse hos politiet. Dei kan heller ikkje utelukke ein reell auke av hatkriminalitet.
Kjelde: Politiet
Vil snakke opent
Det som skjedde vart også ein vekkar for Tucker om at vi lever i verd som framleis krev at vi snakkar i fellesskap om samfunnsproblem og må ha fokus på å forbetre ting.
Ho valde denne veka å dele opplevinga i ein post på sosiale medium. Artisten peikar på at slike ting skjer med folk som er yngre enn ho, og som kanskje ikkje har moglegheit til å stå opp og kjempe for seg sjølv.
– Hadde det skjedd tidleg i 20-åra eller i tenåra, då ein er på sitt mest sårbare, trur eg det hadde sett eit mykje større avtrykk i meg. Det prega meg såpass no, så det ville prega meg enda meir då eg var yngre.
Se dette innlegget på Instagram
Ho synest ikkje ho blir definert av hendinga, og heller ikkje at mannen skal definerast av ho.
– Eg trur eg klarer å forstå at dette handla ikkje om meg, det handla om han, og det er vondt at han har det så vondt, at det er sånn han møter verda, reflekterer ho.
Ho meiner slike opplevingar er noko ein må snakke opent om.
Typisk norsk å vere god
Responsen på Instagram-innlegget har vore overveldande.
– Eg tenkte jo på ein måte at ikkje nokon kom til å bry seg, men det har vore så utruleg mykje omsorg, og det har vore ganske helbredande og fint å sjå.
Ho skildrar seg som typen til å lide litt i stillheit, og innser at det ikkje funkar heilt.
– Det er ein ting å bearbeide ting på eiga hand, men det var utruleg fint å sjå at det er gode folk der ute. Altså, vi menneske er jo i botn og grunn gode. Det er ei norsk utsegn som heiter at «det er typisk norsk å vere god», sant? Det må vi berre fortsetje med!
Inspirerte låt
Trass i at det var vondt der og då, og har vore tungt etterpå, føler artisten at ho har lært mykje av situasjonen. Ho er oppteken av noko vondt kan bli snudd til noko godt.
I kjølvatnet av opplevinga, har låten «Myra Midnatt» blitt til. Tekst og musikk er måten ho uttrykker seg. Tucker kallar låten eit personleg oppgjer, og ei hyllest til svarte kvinner.
– «Myra Midnatt» er ein referanse til hudfargen min. Men også ein referanse til at vi lever i ei verd som inneheld både lys og mørke, og kven vil ein vere i den verda, som av og til er mørk?
Ho vil formidle at det er ingenting i verda som definerer eller tar frå deg sjølvverdet ditt.
– Og at ingenting er tapt. Det er alltid håp. Og viss du vaknar i dag og har lyst til å vere det mennesket du er, eller vere lys, så er du det. Eg synest det er viktig å hugse at vi er dynamiske, og at vi også kan velje kor mykje makt vi vil gi til nokon.