Fritt fram for snøscooterkøyring
Fredag kom lovforslaget frå regjeringa som gjev kommunane moglegheit for å etablere løyper for «fornøyelseskjøring» med scooter.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fritt fram for snøscooter
Både Norges Naturvernforbund og Den Norske Turistforening er imot dette, og er skuffa over at motfprestillingane til forslaget ikkje har vorte høyrde.
– Regjeringa ignorerer det store fleirtalet av det norske folket som vil ta vare på moglegheiten til naturopplevingar utan motorstøy, seier styreleiar i DNT, Berit Kjøll.
Kjøll håpar at eit fleirtal på Stortinget vil stoppe vedtaket av lova.
Det er ikkje noko som tyder på at kommunane i Ottadalen ynskjer denne velkomen.