Illustratøren og teikneserieskaparen bak Jenter kunne teikna hår og søte hundar for alltid.

– Eg likar ofte sjølvbiografiar og faktabøker. Mange av teikneseriane som har inspirert meg mest igjennom åra har vore sjølvbiografiar eller romanar basert på opplevingar forfattaren sjølv har hatt.
Det skriv Cathrine Sandmæl i ein e-post til Framtida.no.
34-åringen har lang erfaring som barnebokillustratør for Cappelen Damm.
Cathrine Sandmæl
Alder: 34
Frå: Oppegård
Utdanning: Illustrasjon ved Norges Kreative Fagskole, og visuell kommunikasjon ved Universitetet i Sør-øst Norge
Yrke: Teikneserieskapar og illustratør
Kor mykje les du sjølv? 10–15 bøker i året, pluss minus. Mykje av det er teikneseriar, men også romanar og litt fakta.
Teikneseriepris
I fjor debuterte ho med den grafiske romanen Jenter, som ho fekk Kulturdepartementets teikneseriepris for.
Me har teke ein kikk i bokhylla til forfattaren og illustratøren.
Høgtlesing for søsken
Sandmæl les helst i senga eller på sofaen seint på kvelden, og ofte i solveggen om sommaren.
– Kva bok ligg på nattbordet ditt?
– En japansk vår av Ina Strøm.
– Kva bøker vart lesen til deg som liten?
– Roald Dahl og Disney-bøker me fekk kvar månad i posten i ein bokklubb. Seinare byrja eg sjølv å lesa høgt Harry Potter for søskena mine.
Sam frå Ringenes Herre
I tenåra gjorde Fullmetal Alchemist av Hiromu Arakawa sterkt inntrykk.
– Kva meiner du gjer ei bok god?
– At ho gir deg sterk emosjonell punch. Om det er så at ho rørte deg, eller at du lo så tårene trilla.
– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?
– Sam frå Ringenes Herre. Eg er alltid kokken og den som bekymrar meg.
Favorittillustratør
– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?
– Den sommeren av Jillian og Mariko Tamaki.
– Kven er din favorittillustratør/teikneserieskapar?
– Eg har alt for mange til å velja éin. Når det gjeld essay og sakprosa så er Lucy Knisley høgt oppe. Eg blir aldri lei av bøker som Em Carroll og Rosemary Valero-O’Connell har teikna, dei teiknar så dynamisk og uttrykkjer så mykje kjensler i teikningane sine.
– Kva likar du aller best å teikna?
– Eg kan teikna hår i alle æve. Og søte hundar.
Middag med Tone Jansson
Skulle ho invitert ein forfattar, illustratør eller teikneserieskapar på middag, fell valet på avdøde Mummitrollet-skapar Tove Jansson.
– Ho verka som ein fantastisk kul person.
– Om du berre skulle lesa bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?
– Jillian Tamaki.
– Boka di vert filmatisert – kven speler hovudrolla?
– Det anar eg faktisk ikkje, eg er ikkje så flink på unge norske skodespelarar så der hadde eg stolt på regissøren, ha ha.