Fleire unge får sommarjobben avlyst på kort varsel

NITO-advokatar er uroa over at stadig fleire unge arbeidstakarar opplever at sommarjobben blir kansellert på kort varsel.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Det skriv Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO) – i ei pressemelding.

NITO-advokat Mona Beate Ulsund forklarar at større verksemder ofte inngår avtalar om sommarjobb med mange studentar tidleg på året, kanskje fleire enn dei eigentleg treng.

– Jo lengre i førevegen du inngår avtale, desto større er risikoen for at den blir avlyst. Då aukar sjansen for at det skjer noko med marknaden, som gjer at arbeidsgjevar ombestemmer seg, seier Ulsund.

Avtale er bindande

NITO-advokat Tone Bjellaanes påpeikar at i utgangspunktet er ein avtale bindande, og arbeidsgjevar må difor ha svært god grunn for å kunne gå frå avtalen.

Om det likevel skjer, kan NITO-advokatane hjelpe med å vurdere om det er grunnlag for å krevje å få tiltre stillinga, eller krevje erstatning.

– For å ha rett på økonomisk erstatning, må du ha eit økonomisk tap, forklarar Bjellaanes.

NITO-advokatane rår studentar til å vere forsiktige med å forhandle fram klausular om kompensasjon på førehand, då dette kan signalisere at det er greitt for arbeidsgjevar å kansellere arbeidsavtalar.

Dei understrekar også at dei færraste ønskjer å starte eit arbeidsforhold med å vere «vanskeleg».