Reed (17) frå USA skal gå på folkehøgskule i Noreg
14 prosent fleire amerikanarar har søkt på folkehøgskule enn i fjor.

– Under covid oppdaga eg at eg elskar tur og friluftsliv, og så starta eg med løping. Eg har innsett at eg verkeleg likar å vere ute og å trene. Eg har lagt merke til at det er då eg har det best, og når eg er med andre som også likar det, er det fantastisk. Så eg fann ut av dette var perfekt å skulle gjere i eit år.
Reed Grandt fortel om planane han har for hausten. 17-åringen frå Bainbridge Island utanfor Seattle i Washington skal gå eit år på folkehøgskule i Sogndal.
Når Framtida.no snakkar med Grandt på videosamtale er det tidleg morgon i USA, der amerikanaren går på high school.
– Det blir ei stor endring. Kulturen blir annleis, og eg må be om meir hjelp enn eg er vand med. Det blir vanskeleg, men eg gler meg til å lære, seier Grandt, som ikkje snakkar norsk i det heile.
USA-auke
Folkehøgskulane ser ein auke i søknader frå USA, med ein auke på 14 prosent samanlikna med fjoråret.
Dorte Birch, dagleg leiar i Informasjonskontoret for folkehøgskolen, trur kjensla av fellesskap og demokrati tiltrekker amerikanarane.
– Det er tydeleg at mange unge amerikanarar er fascinert av Noreg, og mange ser på folkehøgskule som ei unik moglegheit til å utvikle seg både personleg og fagleg, uttalar Birch i ei pressemelding.
Sjølv om interessa frå internasjonale søkarar aukar, har ikkje folkehøgskulane høve til å ta imot meir enn 10 prosent utanlandske elevar frå land utanfor EU/EØS.
Norske anar
For Reed Grandt er ikkje Noreg ein heilt tilfeldig destinasjon. Han har nemleg norsk slekt som han besøkte i fjor sommar. Då var dei mellom anna i Oslo, tok Flåmbanen, og besøkte Kaupanger og Sogndal. Der sjekka dei ut folkehøgskulen Reed var interessert i å gå på.
– Vi køyrde ut dit. Det tok ei stund å kome dit, og det var veldig vakkert, fortel han.
Han har no fått tildelt plass på friluftslinja på folkehøgskulen i Sogndal, og har nyleg vore på ambassaden i San Francisco for å få visum.
Det var likevel ikkje den norske familien som tipsa han om moglegheita til å gå på folkehøgskule. Grandt jobba som frivillig datahjelp i lokalområdet sitt, og hjelpte ei eldre kvinne med PC-en hennar. Ho spurde om familien hans, og då han fortalde om slektskapet til Noreg, spurde ho om han hadde høyrt om folkehøgskule.
– Eg drog heim og gjorde research på det, og det høyrdest perfekt ut for meg!
Verdt det
Ifølgje folkehøgskulane kostar folkehøgskule i skuleåret 2024/2025 i snitt i underkant av 140 000 kroner. Det inkluderer mat og rom.
Grandt synest folkehøgskuleåret er verdt å bruke pengar på.
– Det er betrakteleg billegare enn skule her i USA. Eg har snakka med familien min om kostnaden, og vi er samde om at det er verdt det på grunn av erfaringa.
Ifølgje 17-åringen er det ikkje spesielt vanleg at amerikanske ungdommar tek friår før høgare utdanning.
– Eg vil seie at kanskje 10 prosent av studentane gjer det, i alle fall på min high school. Det er ganske uvanleg. Dei fleste går rett til fire år med universitet. Så eg følger definitivt ikkje den normale vegen. Men alle eg har snakka med, har oppfordra meg til å gjere det.
– Kva erfaringar håpar du å sitje att med etter eit år i Sogndal og på folkehøgskulen?
– Hovudsakleg det å møte nye folk med ulike syn på verda og frå ulike samfunnslag.
I tillegg håpar Grandt å få erfaring med isbrear.
– Kanskje eg ein dag vil vere guide eller drive med frikøyring. Eg står på ski no, men har ikkje erfaring med frikøyring, så det hadde vore fint.
Han trur at å bu ein annan stad i ein lang periode vil føre med seg mangfald i tankesett, og håpar å dra frå Noreg med eit klarare bilete på kva han vil gjere i framtida. I utgangspunktet er planen å byrje på universitetet etter folkehøgskuleåret, men han er open for at det kan endre seg.
Stereotypiar og Trump
– Kva trur du amerikanarar tenker om Noreg og nordmenn?
– Det er eit godt spørsmål! Eg trur amerikanarar ser på Noreg som litt føre oss, på mange ting. Meir framtidsretta enn det vi er. Det er eit passe stort land, ein kan få framgang og få ting gjort raskare.
Grandt trekker fram elektriske køyretøy, infrastruktur, politikk og styresett.
– Men eg trur også dei ser på Noreg som ikkje heilt ulikt USA. Det er definitivt forskjellar, med eg trur det er mykje enklare å forhalde seg til ein nordmann enn for eksempel nokon i Italia for oss. Kanskje fordi nordmenn kan engelsk betre enn i eit søreuropeisk land.
Han trur likevel ikkje det er ein stor barriere mellom nordmenn og amerikanarar.
Motsett trur han at nordmenn kanskje ikkje tenker så høgt om USA akkurat no, og siktar til alt som har skjedd etter at Donald Trump kom til makta att. Han understrekar at han bur i eit ganske liberalt og demokratisk område i USA.
Elles trur han nordmenn tenker at amerikaranar ikkje reiser like mykje og er like eksponerte for ulike idear og mangfald, som han sjølv meiner er sant for store delar av landet.
Grandt har tenkt på om Trumps politikk vil gjere det vanskeleg å få visum til å reise, og korleis krigen i Ukraina og i Gaza vil påverke tida hans i Europa.
– Dei tankane har gått igjennom hovudet mitt, men eg trur det er for tidleg å seie noko om.