Tatervenen som fekk Garborg på rett side
I motsetnad til Arne Garborg, levde Martin Johan Mathiassen Skou eit vekslande liv mellom arrest og talarstol.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kunne Garborg blitt rasist?
I boka «Garborg og Skou – forskjell på folk?» har Marit Elisebet Totland gått opp stiane til forfattaren sin besteven i ungdomsåra, som også var Garborg sin modell for hovudpersonen Carolus i klassikaren «Fred».
– Hadde det ikkje vore for deira venskap, kunne kanskje Garborg ha blitt rasist. Men han fall ned på rett side. Totland skriv spennande og veldokumentert om venskapen mellom Garborg og Skou, som førte til gjensidig inspirasjon, seier Garborg-biograf Tor Obrestad, som også var med under boklanseringa under Skudenes Internasjonale Litteratur- og Kulturfestival, SILK, tidlegare i november.
LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette
– Groteske døme
Gjennom eit stort kjeldearbeid, som har resultert i ei 362 sider tjukk bok med nesten 500 fotnotar, fann forfattaren ut at Skou si eiga bok «På fantestien» ikkje var ein biografi, slik den gjengse oppfatninga har vore i over hundre år. Tvert om var boka eit kampskrift frå ein mann som ønskte å betra taterane sine kår.
– Han ville vekka styresmaktene si interesse, og skaffa støtte for saka si. For å nå det målet, brukte han store ord for å skildra korleis dei levde, og brukte så groteske døme som han fann naudsynt for å nå målet sitt, seier Totland.
Gjennom historia har taterane systematisk blitt diskriminerte i periodar, og så seint som på 1900-talet blei taterkvinner tvangssteriliserte i Norge, medan borna som alt var fødde blei sende til eigne barneheimar.
– Hjelpte boka hans på å gjera vilkåra for taterane betre?
– Boka hans gjorde nok sitt til at saka kom på dagsordenen i fleire rundar, både i kyrkjelege kretsar og hos styresmaktene. Dei tiltaka som blei valde, var ikkje slik Skou ville hatt dei. Han var sterkt imot å skipa barneheimar. Han ville at born skulle vera til fostring på gardar om dei ikkje kunne vera hjå foreldra, slik at dei fekk ein så «vanleg» oppvekst som råd var. Og ein måtte vera nøye med kven som kunne vera fosterforeldre, slik at dei fekk omsorg og trygge dagar, meinte han. Han såg at bakgrunnen deira lett kunne bli brukt i mot dei, slik han sjølv hadde oppelevd.
LES OGSÅ: "Lidt" spiritisme til Halloween
– Stadig aktuell
Dei siste åra har tilreisande tiggarar frå Aust-Europa blitt meir synlege i samfunnet, og spørsmål om tigging og minoritetar har igjen kome på dagsorden.
Totland meiner dette viser at temaet i boka stadig er aktuelt, nesten hundre år etter at dei to barndomskameratane døde.
– Målet er at boka skal skapa debatt, og at likeverd og menneskeverd kan bli eit tema i kantiner og rundt middagsbord. Eg håpar også at boka vil bidra til å gje folk eit meir heilskapleg bilete av korleis omstreifarane levde, seier Totland.
– Kva reaksjonar har du fått frå romanifolket i dag?
– Når det gjeld reaskjonen frå dei som reknar seg som romani/taterar i dag, veit eg ikkje så myje om reaksjonen. Men boka har fått støtte frå Romanifolkets/taternes kulturfond, eit fond under Kulturdepartementet som fordeler pengar etter innstilling frå eit styre som er sett saman av deira eigne representantar.
– To av etterkomarane til Skou, og ein etterkomar frå ei anna taterslekt, har lese manuset og gitt meg positive tilbakemeldingar undervegs. Desse skal sleppa å gå god for innhaldet i detalj, men det har vore greitt for meg å vita at dei ynskjer at denne boka skal koma ut.
Forfattaren har vald å ordleggja seg på bokmål, men det var ikkje noko lett avgjer.
– Garborg ville nok vore skuffa om han hadde visst at eg skriv denne boka på bokmål. Men valet blei tatt då eg såg at store deler av boka «På fantestien» må vera med. Utdraga er på bokmål, så nær opp til det riksmålet det ble skrive på som råd er. Med slike utdrag inni mellom blei det naturleg å la heile fortellinga ha same tone, og då blei det bokmål denne gongen, avsluttar ho.
LES OGSÅ: – Me har ikkje noko fullverdig språk