Mobiliserer for lokal litteratur
Etne Bibliotek slår på stortromma og samlar 25 forfattarar og redaktørar av lokale bøker.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
22. til 23. november inviterer bibliotekssjef Marit Rønnevik til bokfestival og julemesse i samarbeid med Skakke – senter for skule, idrett og kultur.
– Me lagar denne festivalen for å løfta fram den lokale litteraturen, spesielt faglitteratur om regionen. Det kjem ut så mykje flotte fagbøker lokalt som kjem heilt i skuggen av bestseljarane, seier ho.
– Lokale bokhandlarar gjer mykje få å fram lokal litteratur, men når kjedebokhandlarane overtar med innkjøparar utan interesse for det lokale og med fokus på forteneste, blir det endå meir einsretting, mindre plass til lokale uttrykk og tema, og større sjansespel for forlaga å gje det ut. Men dette er viktig litteratur som gjev kunnskap om kultur, historie, landskap, næringar og tradisjonar hos oss. Litteraturen gjev oss ei sterkare kjensle av å høyra til og setja pris på staden der me bur og han gjer det mogeleg å formidla det vidare til nye generasjonar og til dei som har flytta hit, slik at dei forstår meir om staden der dei bur.
Marit Rønnevik meiner det handlar om at mindre område, lokalsamfunn og miljø også må ha høve til ytringar og litteratur.
– Lokal litteratur er ofte vanskeleg å finna fram til, produsert av idealistar på små forlag utan store marknadsføringsbudsjett. Det gjeld også for biblioteka, der den viktigaste leverandøren av bøker ikkje ser seg råd til å tilby lokal litteratur. Ein slik festival kan difor også bli ein viktig salskanal, seier Marit Rønnevik.
Sydvest bokfestival og julemesse har til saman 40 programpostar. Det blir føredrag, program for barn ved forfattaren av Englatrollet Elea, Janne Nerheim (bildet), kafe, demonstrasjonar og kurs, song, musikk og kino – i tillegg til salsutstilling.
På ståande fot veit ikkje Marit Rønnevik om andre festivalar som har ein rein lokal profil slik som denne. Festivalen let seg gjennomføra takka vera stor dugnadsinnsats og støtte lokalt.
– Me håpar på tilreisande frå heile Sydvest-regionen, ei viktig målsetting med festivalen er å bli ein møteplass for alle som skriv og formidlar uansett form – trykt, digitalt, lyd eller film, eller har idèar om det og treng hjelp og inspirasjon til å koma i gang. Etne er ein naturleg møtestad ettersom det er mogeleg å koma hit for svært mange i dei fire distrikta utan altfor lang reise, avsluttar biblioteksjefen i Etne folkebibliotek.
Faktaboks
Frå programmet:
Leseglede frå barndom til notid, ved Anne Karin Fonneland.
Rogaland under okkupasjonen. Daglegliv under krigen, ved Jan-Petter Helgesen.
Båten i Sunnhordland, ved Tore Lande Moe.
Peder Bakar får seg bollemaskin, ved Ingvild Sjo
Englatrollet Elea er modig. Program for barn frå 3-8 år. ved Janne Nerheim.
Garborg og Skou, ved Marit Elisebet Totland.
Høgdepunkt frå årbøkene
Gamle bilete vart til store slektsbøker
Nord-Huglo båtbyggeri