Danica (26) sitt universitet har vore blokkert i tre månadar

Serbiske studentar protesterer mot det korrupte regimet. Norsk ekspert er imponert over at dei framleis held stand etter fire månadar.

Sunniva M. Roligheten
Publisert

– Eg gjekk på barneskule med ein av dei som er drepne. Han og systera mi var forelska i kvarandre då dei varn born.

Det fortel Danica Andjelic (26) på telefon frå Serbia. Til vanleg studerer ho kjemi ved Universitetet i Beograd, men sidan 1. november i fjor har omfattande studentprotestar i Serbia hindra både forelesingar og eksamenar. Det heile byrja då eit overbygg utanfor togstasjonen i byen Novi Sad fall ned og drap 15 menneske. Ulukka leidde til enorme protestar over heile landet.

– Her om dagen gjekk det opp for meg at universitetet mitt har vore blokkert i tre månadar, fortel ho.

Danica held ei raud bok med vitnemålet hennar. Dette har blitt eit symbol for studentar under protestane. | Foto: Marija Čolaković

Sjølv om studia har hamna i andre rekke angrar ho ikkje.

– Det er så viktig det vi gjer, så det gjer ikkje noko om studia blir utsett i eit år, fortel Andjelic.

Protestane

Studentdemonstrasjonane byrja som eitt minutts stille for offera i Novi Sad, før dei spreidde seg som demonstrasjonar til andre byar.

– Så kom dei vi kallar «slåarar», og banka folk. Dei er betalt for å lage kaos, hevdar ho.

Etter at ei gruppe studentar frå Kunsthøgskulen i Beograd blei angripne, inviterte dei andre studentar med. Administrasjonen ved Universitetet i Beograd støtta studentane då dei slutta seg til blokaden, fortel Andjelic.

Studentrørsla ynskjer at alle dokument relatert til restaureringa blir gjort offentleg og at dei som har angripe studentar og professorar skal bli rettsforfølgt. Dei krev òg at sakene blir droppa mot arresterte studentar, og ynskjer ei budsjettauke til høgare utdanning på 20 prosent.

Ifølge Andjelic er ingen studentar arrestert i denne augneblinken.

– Men fleire studentar har vore halde i arrest i opptil 30 dagar utan bevis for at dei har gjort noko gale. Samstundes er dei som har køyrd på studentane på frifot, hevdar Andjelic.

Fleire nyheitskjelder har meldt om studentar som er treft av bilar.

Løgner rundt restaureringa

– Det har vore mykje konstruksjon i Serbia dei siste femten åra. Alt er veldig dyrt, men også i veldig dårleg kvalitet, fortel Andjelic.

Ho fortel at restaureringa av togstasjonen i Novi Sad byrja i 2018, og var langt på overtid.

– I 2024 opna dei togstasjonen tre gonger, og kvar gong var det ei storslegen opning med politikarar og media. Dei sa konstruksjonen følgde dei høgaste europeiske standardane, men to gonger måtte dei stenge han på grunn av feil, fortel Andjelic.

Togstasjonen hadde vore open i eit halvt år då eit overbygg raste saman og drap 15 menneske.

– Vi var i sjokk. Fleire unge, inkludert to born, døde. Like etter spurde presidenten på TV kvifor dei ikkje hadde restaurert taket, men alle visste at dei hadde gjort det, fortel ho.

Andjelic fortel at all offentleg dokumentasjon rundt restaureringa forsvann frå internettet, og at det øydelagde bygget ikkje blei undersøkt. Hennar forklaring på at folk blei så sinte var at ulukka var skulda korrupsjon, og på grunn av korleis myndigheitene reagerte i etterkant.

– Det har vore masse løgner, og ingen er haldne ansvarleg, fortel Andjelic.

President med mafiastøtte

 

Eva Sarfi er fyrstelektor ved Austst-Europastudium ved Universitetet i Oslo. | Foto: UiO

– Det var dropen som fekk begeret til å renne over, fortel Eva Sarfi, fyrstelektor i Aust-Europastudium ved Universitetet i Oslo (UiO).

Ho fortel at det har vore mykje frustrasjon ovanfor systemet til president Aleksandar Vučić.

– Han tilset sine eigne i viktige posisjonar, og Serbia har ikkje et fritt rettssystem eller frie medium, forklarar ho.

Sarfi fortel at arbeidet med både togstasjonen og andre infrastrukturprosjekt blir gitt til dei med best kontaktar, og ikkje dei dyktigaste. Ho forklarar mykje av dei økonomiske midla kjem det politiske nettverket til Vučić til gode, og noko endar hjå mafiaen.

– Mafiaen utvikla seg under jugoslaviakrigane. Fordi Serbia blei sett på som skyldnarane i konflikten blei dei utsett for internasjonal boikott og blokade, fortel Sarfi. Smuglinga som oppstod på grunn av blokaden utvikla seg til det kriminelle nettverket dei har i dag.

– Dei smugla våpen, olje og alle moglege produkt. No smuglar dei kvinner og flyktningar, og bidreg til å støtte politikarane, fortel Sarfi.

Protestane handlar også om kven som er ansvarleg for dødsfalla i Serbia etter fleire byggeprosjekt. Her frå ei samling for 15 minutter stille. | Foto: Danica Andjelic

Kaos i nasjonalforsamlinga

Tysdag 4. mars skulle nasjonalforsamlinga diskutere om dei skulle auke støtta til universiteta med 20 prosent, slik studentane krev.

– Politikarane har sagt at dei allereie har oppfylt dette kravet også, men dei har berre gjort det for dette skuleåret, ikkje permanent, fortel Andjelic.

Men nasjonalforsamlinga kom aldri så langt at dei kunne diskutere forslaget, fordi nokon kasta røykbomber, vassflasker og egg. Tre medlem av nasjonalforsamlinga blei skadd. Årsaka var at opposisjonen ikkje ynskja å behandle andre saker før avgangen til statsministeren er behandla.

– Statsministeren gjekk av for ein månad sidan, men avgangen hans er ikkje behandla i nasjonalforsamlinga, fortel Andjelic.

Ho meiner finansieringa av høgare utdanning er for låg i forhold til landets BNP. Ein rapport frå Unicef frå 2022 slår også fast at Serbia nyttar ein beskjeden andel av budsjettet på utdanning.

Marsj mot falske nyheiter

Andjelic seier den eldre delen av befolkninga ikkje er like positive til protestane på grunn av dei statlege TV-kanalane.

– På TV seier dei at krava våre var oppfylte for fjerde gong. Men korleis kan ein oppfylle krav fire gongar? spør Andjelic.

Ho meiner fleire av påstandane frå dei statlege kanalane er absurde.

– Dei seier protestane er støtta av Kroatia og at vi blokkerer universiteta fordi vi er for late til å studere, fortel ho.

Dei falske nyheitene var årsaka til at dei la ut på ein fire dagar lang og 140 kilometer lang studentmarsj frå Bor til Niš. Studentane har allereie arrangert to marsjar, men denne gjekk gjennom eit nytt område.

– Det er dei fattigaste områda av Serbia. Folk der jobbar i kinesiske gruver og lev harde liv. Dei fleste har berre statlege TV-kanalar, fortel ho.

Sjølv om krava handlar om studentsaka meiner Andjelic at dei også har ei djupare meining.

– Det vi ynskjer er at institusjonane skal fungere, og det tener alle på, seier ho.

Ho fortel at dei var over 300 000 menneske då dei enda marsjen i Niš. Ifølge The Guardian kan dette vere dei største studentprotestane i Europa sidan 1968.

Ikkje noko alternativ til Vučić

Sarfi meiner støtte frå arbeidarorganisasjonar og andre kan vere årsaka til at studentane framleis held stand, fire månadar etter at protestane byrja. Samstundes er ho usikker på om dei vil få til permanente endringar. Professoren fortel at det er vanskeleg for opposisjonen å organisere seg.

– Dei blir forfølgt eller svartmåla i regjeringsvennleg presse. Populære politiske leiarar blir raskt sabla ned, seier Sarfi.

Sjølv om mange er skeptiske til president Vučić manglar landet eit alternativ. Med mindre studentane klarer å stable ein alternativ organisasjon på beina, ser ikkje Sarfi noka løysing.

Ho meiner president Vučić vil late som han kjem studentane i møte, for å roe demonstrasjonane.

– Å gi dei litt, eller til og med mange av krava, er ikkje noko som velter systemet hans.

Ho trur framleis Vučić vil bli sitjande medan han kanskje byter ut nokre ministrar.

Årsaka er ifølge Sarfi at Serbia er eit land med svake demokratiske tradisjonar. Statsminister Zoran Đinđić styrte landet i ein meir demokratisk retning rundt år 2000, fortel Sarfi, men blei skoten av mafiaen i 2003.

Trur demonstrasjonane vekker folk

– Vi liker ikkje opposisjonen. Dei styrte før utan å gjere noko. Nokon av dei har vore i nasjonalforsamlinga sidan 90-talet, fortel Andjelic, som ikkje har tillit til opposisjonen.

– Då det var val sa dei at dei ville boikotte valet. Men det er berre å gi styringspartiet enda meir makt, fortel Andjelic.

Studentane ynskjer ikkje valdelege protestar, men Andjelic fortel at sinnet veks.

Andjelic er likevel optimistisk.

– Endeleg byrjar folk å kome nærare kvarandre i dette landet. Det er som om vi har vore i ein tilstand av søvn kor vi har blitt vant til all valden. Men no byrjar folk å opne auga og kjempe for eit betre liv, fortel ho.