Mari Ringhus Tjønnhaug (30) har omskulert seg frå vernepleiar til brøytebilsjåfør.

– Det er sikkert mange som ser føre seg at ein lastebilsjåfør er 60 år og har stor mage, ler Mari Ringhus Tjønnhaug.
30-åringen kjem frå Åmot i Telemark og tok studiespesialiserande på Vest-Telemark vidaregåande skule, før ho gjekk vidare til ein bachelorgrad i vernepleie. Etter å ha jobba nokre år med psykisk utviklingshemma fann ho ut at ho ville prøva noko nytt.
Det var Vest-Telemark Blad som først skreiv om arbeidskvardagen til Mari.
Skummel start
Starten på karrieren som brøytebilsjåfør var alt anna enn plankekøyring.
– Eg hadde ein forferdeleg førstetur. Det var så glatt at eg var på gråten. Eg var kjemperedd og eg ringde til min dåverande sjef og sa at: «Eg trur eg har teke meg vatn over hovudet. Dette funkar ikkje».
Med tanke på den første turen åleine synest Mari at det er heilt utruleg at ho fortsette, men ho visste at arbeidsgjevar var avhengig av ho og heldt ut tida ho hadde lova.
– Og så sit eg her endå, ler ho.
Omskulering
Det var i 2021 ho søkte permisjon frå jobben som vernepleiar og tok lastebillappen og yrkessjåførkompetanse, som er eit 140 timars kurs alle som køyrer tungtransport mot betaling må ha.
Sidan 2022 har ho køyrt brøytebil vinterstid og tippbil sommarstid.
Mari har lenge hatt ein draum om å jobba i anleggsbransjen, men merka at yrkessjåførutdanninga var mest retta mot langtransport med lastebil, med mykje teknisk informasjon om lovar og reglar.
– Me la jo på kjetting og slikt, men det er ute i yrket du verkeleg får kjent på det og får inn i fingrane kva det inneber.
Vêravhengig
Det mest utfordrande er utan tvil vêret.
– Det skjer fort og snur fort, konstaterer ho.
Sidan november har ho jobba i Mesta, som skiftleiar for brøytemannskapet på Haukelifjell. Arbeidet er turnusbasert, der mannskapet har tolvtimarsvakter i ei veke på brøytebilstasjonen, før dei har ei friveke heime.
Ein vanleg arbeidsdag er svært vêravhengig, men når Framtida.no møter ho på Haukeli brøytebilstasjon er det fint vêr og Mari er styringsvakt på kontoret.
Dagen etter er det meldt uvêr og då er det logistikk med at det alltid er folk på jobb og kolonnevakter.
– Det er berre under kolonne og stengt veg at me må ha folk som sit her og passar på, forklarar Mari, framfor skjermane som gjev ho oversikt over vegstrekninga.
Mannskapet ser òg etter vegen og registrerer rasfare, og kan til dømes stenga av vegen for å utløysa kontrollerte ras på spesielt utsette strekningar.
Samfunnsnyttig oppdrag
Jobben som brøytebilsjåfør passar ifølgje Mari for dei som er interesserte, nyfikne, rastlause, likar variasjon og at det skjer ting, taklar å jobba litt ubekvemmeleg og stå trygt i stressande situasjonar.
Mari synest ho lærer mykje på jobb og trekker fram fridomen som noko av det aller beste.
– Eg likar veldig godt å køyra bil, og føler at det er ein fridomsfølelse. Så er det den fridomen me har med å jobba skiftordning. Og så synest eg det er veldig moro og givande og vita at du hjelper folk med ei samfunnsnyttig oppgåve. Utan brøytebilane og det opplegget her på Haukelifjell så hadde ikkje bilane kome seg over på vinterstid, seier Mari, som peikar på at vegen var vinterstengd fram til slutten av 60-talet.
Mari likar seg godt på bakken, og at ho kan vera med ut og køyra brøytebil når det trengst.
Utakksam jobb
Sjølv om det er mange ledd i vinterdrifta mannen i gata ikkje kjenner til, opplever Mari at det er mange meiningar om vinterdrift av norske vegar.
– Det er jo ein utakksam jobb. Brøyting er noko som engasjerer folk veldig vinterstid og det er veldig mange meiningar. Det er berre å lesa eit kommentarfelt når VG skriv om ein buss som har køyrd ut på glatta, då kjem det jo på løpande band, seier Mari.
Ho opplever at enkelte tenkjer at jobben dei gjer er enklare enn han faktisk er.
Fleire jenter i drifta
Etter å ha byta frå helsevesenet til anleggsbransjen får ho fleire reaksjonar på yrket sitt, men ho er ikkje åleine.
– I Mesta er me fleire jenter, og me er fleire jenter som køyrer brøytebil, fortel Mari, og utdjupar:
– Eg ser det godt når eg jobbar langs vegen. Det er frykteleg mange jenter som jobbar med langtransport, så eg trur eg hadde møtt meir «oi» for 15 år sidan, eller 10 år sidan. Men ein møter framleis det at folk synest det er litt kult eller spanande.
Tips til unge
Mari lurte på å ta utdanning som anleggsmaskinførar allereie på vidaregåande, men valde det bort på grunn av kjønnsubalansen.
Det vanlegaste om ein veit at ein vil jobba som anleggsmaskinførar er å ta VG1 bygg- og anleggsteknikk eller VG1 teknologi- og industrifag, VG2 anleggsteknikk og så ta to års læretid.
Om ein bestemmer seg seinare tipsar Mari om at ein kan få i overkant av 140 000 kroner i studielån for å ta lastebillappen og yrkessjåførutdanning.
– Om du er litt usikker så hadde eg spurt om å få vera med. Er det nokon du kjenner som driv med brøyting? Kan eg få sitja på ein tur? Spør bedrifter om utplassering, så du ser kva det er, tipsar Mari, og slår fast:
– Om du likar det så er det berre å få seg lastebillappen og søkja jobb som brøytebilsjåfør, for du får jobb.