Den stygge stesøsteren – morbid, feministisk satire

Etter verdspremieren på Sundance kjem Askepott-vrien Den stygge stesøsteren heim til Noreg. Meldar Jenny Lund har sett på kva alt oppstyret handlar om, og om han verkeleg er så ekkel.

Jenny Lund
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.

Før eg vart skrekkfilmfan, var eg glad i lese om kor mykje fælare eventyr var før. Emilie Blichfeldt sin skrekkinfuserte debutfilm Den stygge stesøsteren, som tek utgangspunkt i forteljinga om Askepott frå stesystera sitt perspektiv, er derfor ein særdeles god match for mine interesser.

Den stygge stesøsteren

Internasjonal tittel: The Ugly Stepsister

Nasjonalitet: Noreg

Regi: Emilie Blichfeldt

Noregspremiere: 07.03.2025

Aldersgrense: 15 år

Sjanger: Svart komedie, skrekk

Speletid: 1t 49m

Forvandlinga

Då Elvira (Lea Myren), mora Rebekka (Ane Dahl Torp), og litlesystera Alma (Flo Fagerli) flyttar inn i slottet til mannen Rebekka er trulova med, verkar det som om livet endeleg går på skjener.

Dessverre er ikkje bryllaupsfesten over innan hennar nye stefar fell daud om, til dottera Agnes (Thea Sofie Loch Næss) si enorme sorg. At ingen av partane hadde pengane dei hevda å ha, gjer ikkje situasjonen betre.

Likevel finst det eit håp: Diktarprinsen Julian (Isac Calmroth) er på utkikk etter ei brud, og alle jomfruer i området vert inviterte til ball. Elvira, som forgudar Julian, vil ikkje anna enn å bli hans utkåra, men har alltid vert fortalt at ho ikkje held stand når det kjem til utsjåande. Agnes, på si side, er desperat etter pengar til å fri seg frå denne familien som ho ufrivillig vart del av.

Utan råd til tvil set Rebekka i gang prosessen for å gjere Elvira om til landets skjønnaste jomfru, koste kva det koste vil.

Styggheitsparadokset

Å lage film om «stygge» menneske kjem med ein del utfordringar, då det krev at visse personar, og med det også deira trekk, vert dømde som stygge. Sjølv med gode intensjonar risikerer filmskaparar å bidra til å oppretthalde smale og skadelege skjønnheitsideal.

Eg trur ikkje at dette er noko regissør Emilie Blichfeldt er blind for, då ein kjapp titt på hennar tidlegare arbeid viser at kvinner og kropp er ikkje noko nytt for ho. Den stygge stesøsteren unngår mange av dei potensielle fallgruvene ved denne typen forteljing gjennom verdsbygginga.

Elvira er stygg fordi det er det verda har fortalt ho. Spesielt ein scene mellom ho og danselæraren hennar slo meg: Eit augeblikk tenkjer ein at nokon endeleg skal fortelje ho at ho er bra nok, men rosen hennar er at Elvira er modig nok til å endre seg. I ei tid der ein ofte ser folk prate om kosmetisk kirurgi som noko dei gjer for seg sjølv, trur eg det er nødvendig å undersøkje korleis også kvinner kan vere med på å skape ei vanskelegare verd for kvarandre.

Det er alltid klart at dei skjønnheitsideala som regjerer i Den stygge stesøsteren er resultatet av eit usunt samfunn, og den smerta som «skjønnheita» krev er absurd og ekte på same tid.

Og så må eg seie at den plastiske kirurgen kanskje er favorittkarakteren min.

Stilig sjangerblanding

Den stygge stesøsteren ligg ein stad mellom Sofia Coppola sin Marie Antoinette, Tre Nøtter til Askepott og The Substance – staseleg, ungdommeleg og ufyseleg.

Regissør Blichfeldt sin fascinasjon for kroppens mjuke og slimete indre beveger seg frå David Cronenberg til Lucio Fulci, med eit knippe direkte referansar, via gammaldags medisinkunnskap. Lat det likevel vere klart at dette ikkje er ein rein skrekkfilm, men heller ein morbid, feministisk satire som ikkje er redd for å kome under huda på både karakterar og publikum.

Eg vil anbefale å justere forventningane etter det, spesielt då dette er den siste i ei lang rekke filmar som har oppelda pressa med forteljingar om folk som spyr på premieren. Kroppsskrekksekvensane er skikkeleg ekle, men dei vert brukt sparsamt.

Det synest eg eigentleg berre er bra, då det gjer det enda eklare kvar gong dei faktisk dukkar opp. Her er det både spy og kirurgi, og sjølv om eg ikkje trur alle inngrepa her er så historisk korrekte, har dei eit medisinsk preg over seg som eg synest er langt meir ubehageleg enn den fantasivalden ein ofte ser i skrekkfilm.

Sterk debut

Noko som slo meg er kor effektiv filmen er i å skape universet sitt. Klede, objekt og kulisser er dekadente og storslegne, men i mørket og det nær konstante gråvêret vert dei også kalde og uheimlege.

Ein får kjensla av eit kostymedrama sjølv om filmen ikkje er historisk forankra til ei bestemt tid og stad, noko som er spanande i møte med det moderne språket og det synthtunge lydsporet. Det heile er anakronistisk på ein måte som fungerer ypparleg for eit eventyr som dette. Eg er imponert over kor etablert stilen kjennest, i og med at det er Blichfeldt sin langfilmdebut.

Lea Myren skin som hovudpersonen Elvira, som trass i sine tvilsame val er ein sympatisk og sjarmerande karakter. Ho har også eit særs bra skrik, noko som alle som har sett De Palma sin Blow Out veit er utruleg viktig for ein kvar som vil gjere det godt i skrekkfilm.

Motpolen hennar er Agnes, forteljinga si Askepott. Eg synest eigentleg at ho verka litt vel slem til å begynne med, men då eg sette meg sjølv i hennar situasjon, kom eg fram til at eg nok hadde vore enda verre. Agnes er ein tragisk skikkelse i sin eigen rett, og eg likar dei fridomane filmen tek seg for utdjupe ho som noko anna enn berre ei perfekt ung jente som får draumemannen.

Eg har heller ingenting anna enn ros til Ane Dahl Torp sin prestasjon som den vonde (ste)mora Rebekka, ei rolle ho fyller med spydig glede. Det er visse stader at eg føler dialogen er litt platt, men så kjem Torp og løftar kvar scene ho er i. Kvar gong ei vaksen dame får vere skikkeleg fæl på film vert verda ein betre stad.

Eit ambisiøst stykke film

Ei av ulempene ved å lage film av ei så kjend historie som Askepott er at dei aller fleste sjåarar veit korleis det heile endar. Det treng ikkje å vere eit problem, så lenge vegen er godt lagt, men eg følte dessverre at sluttpartiet av filmen var den svakaste delen. Etter så mykje oppbygging, er siste akt over litt for fort. Forholdet som vert bygd opp mellom Elvira og Agnes får ikkje ein særleg tilfredsstillande slutt, samtidig som eg skulle ønskje at ein fekk sjå meir av Alma. Som syster til hovudpersonen spelar ho ei viktig rolle til slutt, men inntil då har ho hatt relativt lite å gjere, sjølv når det vert hinta til at noko er på ferde.

Skiftet kjennest litt rart, og eg tek meg i å lure på om filmen hadde vore sterkare om manuset hadde endra på kor mykje tid som vert tildelt Agnes og Alma i forhold til kvarandre. Ved å gjere Alma viktigare enn Agnes eller skifte fokuset heilt til forholdet mellom Elvira og Agnes trur eg det hadde vore enklare å knyte saman alle lause trådar. Eg lurar også på om det kan ha vore scenar som vart fjerna i klippinga, men det er berre spekulasjon.

Eg har gått fram og tilbake på kva terningkast eg skulle gi, fordi det er ein del ting eg føler kunne ha sete betre.

Den stygge stesøsteren er eit ambisiøst stykke film som vil vere mykje, men ikkje alltid får plass til det heile. Samtidig er det som er bra, skikkeleg bra, og for ein fan av alle ting som er ekle og fæle, er eg veldig takksam for å sjå ein film frå dette komme frå Noreg.

Sjølv om sluttpartiet av Den stygge stesøsteren var litt skuffande, gir det også meining, og heilskapsinntrykket eg sit igjen med er utan tvil positivt. Eg gler meg veldig til kva andre idear Blichfeldt har på lur, og håpar at det ikkje er for lenge til me får sjå meir frå ho!

Terningkast: 5