«Eg er ikkje sjefete
– eg er engasjert»
Det gjekk raskt opp for meg at måten eg og kompisane mine vart møtte på i politikken, var ganske forskjellig, skriv leiar av Bergen AUF Alexandra Schonhowd Sørensen (19).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Eg har alltid vore samfunnsengasjert. Allereie på ungdomsskulen tok eg på meg ulike verv, og det gjekk raskt opp for meg at måten eg og kompisane mine vart møtte på i politikken, var ganske forskjellig.
Likestillinga i Noreg har kome langt, og det er eg takksam for. Ser vi på lover og strukturar, er vi på rett veg. Men i det sosiale og politiske landskapet står mykje att.
Mens gutar ofte vert skildra som initiativrike, leiarar og taleføre, får jenter høyre at dei er sjefete, masete eller dominerande. Kva lærer det unge jenter? Å halde meiningane sine tilbake.

Som ung kvinne må ein òg kjempe mot fordommar

Eg vart med i AUF fordi eg meiner verda er urettferdig, og eg vil gjere mitt for å endre henne. Men etter nokre år i politikken har eg erfart at det ikkje berre handlar om å kjempe for sakene ein trur på – som ung kvinne må ein òg kjempe mot fordommar knytte til kjønn og alder. Mange vegrar seg for å ta ordet av frykt for å bli oppfatta som slitsame eller uerfarne.
Dette er ikkje berre eit problem for politikken – det er eit demokratisk problem. Vi har mykje å tape dersom halve befolkninga kvir seg for å delta i samfunnsdebatten.
Så når eg diskuterer ved middagsbordet, står på mitt i ein dissens eller uttaler meg i media, døm meg for det eg seier – ikkje for kjønn eller alder. Lat oss slutte å kalle jenter sjefete. Vi er ikkje sjefete. Vi er engasjerte.