Kompanirekrutt 58 lata som ho ville bli journalist, og brukte ti år på å innrømma at det var komikar og skodespelar ho ville bli.

– Dagane gjekk med på skule, vennar, å reise til så rare stadar som mogleg og bli forelska i så mange ulike galningar som mogleg.
Det fortel komikar, skodespelar, tekstforfattar og kompanirekrutt Frida Homlung om kvardagen som 20-åring.
Du har kanskje sett ho som komikar i sketsjeprogram på NRK, eller som deltakar i småskala konkurransereality som Gym og 24-stjerners julekalender på statskanalen.
No er 37-åringen aktuell som kompanirekrutt i Kompani Lauritzen.
Frå Nicaragua til Oslo
Som 20-åring, hadde ho nyleg kome heim frå eit studium i Nicaragua, der ho fokuserte på alt anna enn studia. Etter ein periode i Trondheim, flytta ho inn i kollektiv med nokre venninner og byrja å studere medium og kommunikasjon i Oslo.
– Det var jo finanskrise då. Og det var jo ei slags pågåande finanskrise for meg privat òg, men heldigvis fekk eg litt jamleg påfyll av småmynt og pizza på jobb på Peppes Pizza. Og så kjendest det som å vera med på noko viktig då Obama vann. Hugsar eg såg valsendingane med folk frå klassa.
I kollektivet ho budde i blei fritida brukt på Gossip Girl og Paradise Hotel.
– Og ein gong såg eg faktisk Der Untergang med ein fyr eg var på date med. Det vart med den eine daten. Elles las eg vel gøye bøker av Erlend Loe og kjedelege bøker om kvalitativ og kvantitativ metode.
Ville imponere vennane
Venninnene var dei som betydde mest for Homlung då ho var 20 år.
– Det meste eg gjorde var for å kunne imponere dei med underhaldande historier etterpå, minnest komikaren.
– Hugsar du 20-årsdagen din?
– Den trur eg faktisk ikkje var så morosam, fordi eg akkurat hadde flytta til Trondheim og ikkje kjende nokon der.
Komikardraum
Som 20-åring trudde Homlung at ho ville bli journalist.
– Men eigentleg ville eg bli komikar og skodespelar, noko det dessverre skulle ta ti år før eg torde å innrømme for meg sjølv.
Ho minnest at ho allereie på den tida tenkte ho hadde dårleg tid med alt, som å få seg kjærast og jobb.
– Men så viste det seg at det hadde eg ikkje, men at det kanskje berre er sånn eg alltid kjem til å kjenne det uansett.
Kva er det du har på deg?
Frida Homlung si største frykt, var å døy.
– Eg satsar alt på at den leve-evig-forskinga går radig framover.
Om ho hadde møtt seg sjølv om 20-åring, hadde ho tenkt «Herregud, kva er det du har på deg?»
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Berre bli komikar og skodespelar no.