Statsrådar vil stramme inn bruk av sosiale medium for barn
Deling av krenkjande innhald blant barn aukar. Fleire statsrådar varslar rask handling for å få innført 15-årsgrense for sosiale medium.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2023/11/NPK-160x160.png)
– Barns bruk av mobil, og spesielt sosiale medium, er det første eg tek tak i som ny barne- og familieminister, seier Lene Vågslid (Ap) til TV 2.
Saman med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) lover ho å få fart på innføringa av ei aldersgrense på 15 år i sosiale medium.
Tal frå Politidirektoratet viser at rundt 44 prosent av straffesakene som omhandla deling av krenkjande innhald i fjor, hadde ein mistenkt, sikta eller domfelt under 18 år.
– Vi har sett barn ned i 10-årsalderen som deler slike opptak vidare med kvarandre. Og materialet blir meir og meir alvorleg, seier seksjonsleiar Janne Heltne i Vest politidistrikt.
– Vi har gitt verktøy til barn som dei ikkje kan handtere godt nok. Dei forstår ikkje konsekvensane av det dei gjer godt nok til å bruke dei. Barn blir ikkje verna av dei kommersielle aktørane. Dessverre har ikkje norske styresmakter stilt krav og gjort nødvendige reguleringar, seier Nordtun (Ap).
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) presenterer torsdag dei politiske prioriteringane. Der er barn og bruk av mobil og sosiale medium eitt av punkta, ifølgje TV 2.