Equinor kuttar i fornybarmåla og aukar satsinga på olje
Equinor fekk eit driftsresultat på 335,2 milliardar kroner i 2024 No varslar dei kutt i fornybarmåla og aukar satsinga på olje og gass.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2023/11/NPK-160x160.png)
– I 2024 leverte vi solide finansielle resultat og høg produksjon gjennom sterk drift, seier konsernsjef Anders Opedal i ei børsmelding.
Med eit justert driftsresultat på 7,896 milliardar dollar i fjerde kvartal, fall resultatet med 662 millionar dollar frå same kvartal i 2023.
Det var på førehand venta eit justert resultat før skatt på 7,71 milliardar dollar i fjerde kvartal, ifølgje eit gjennomsnitt av 24 estimat som Equinor sjølv har samla inn.
Kan betale ut 101 milliardar i utbytte
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2025/02/NTB_bg99sN7nNuM.jpg)
Konsernsjef i Equinor Anders Opedal under Equinors Høstkonferansen 2024 på Norske Teater i Oslo tirsdag.
Foto: Thomas Fure / NTB
Selskapet foreslår samtidig eit utbytte på 0,37 dollar per aksje for fjerde kvartal. Samtidig forventar dei å kunne betale eit samla utbytte på opptil 9 milliardar dollar i 2025, som svarer til 101 milliardar kroner med dagens kurs.
Det samla justerte driftsresultatet i 2024 vart på 29,8 milliardar dollar, som svarer til 335,2 milliardar kroner etter dagens kurs. I 2023 vart resultatet på 36,2 milliardar dollar.
Kutter i fornybarmåla
Equinor varslar samtidig at dei reduserer sine eigne mål for fornybar energi og senkar forventa kapasitet innan fornybar energi til 10–12 gigawatt innan 2030. Tidlegare var målet på 12–16 gigawatt.
Dei opplyser at investeringane i fornybar energi og lågkarbonløysingar vil reduserast til totalt rundt fem milliardar dollar etter prosjektfinansiering for perioden 2025–2027.
– For å understreke at verdiskaping ligg til grunn for avgjerder, blir ambisjonen avvikla om at 50 prosent av bruttoinvesteringane skal gå til fornybar energi og lågkarbonløysingar innan 2030, skriv selskapet i børsmeldinga onsdag.
Selskapet skriv at dei held fram med å redusere utslepp frå eigen produksjon og byggjer lønnsam verksemd innan fornybar energi og lågkarbonløysingar med ein ambisjon om netto nullutslepp i 2050.
– Vi tilpassar oss marknadssituasjonen og moglegheitene, og det gir grunnlag for å skape verdi for aksjonærane i fleire tiår framover, seier Opedal.
Aukar oljeproduksjonen
Selskapet varslar også at dei aukar olje- og gassproduksjonen med forventning om meir enn 10 prosent vekst frå 2024 til 2027. Dei aukar dermed den forventa produksjonen i 2030 frå 2 til 2,2 fat per dag.
For norsk sokkel er produksjonen forventa å halde nivået på 1,2 millionar fat per dag fram til 2035.
I 2025 reknar dei med at olje- og gassproduksjonen vil vekse med 4 prosent samanlikna med 2024-nivå.