Ny justisminister avviser forslag om visitasjonssoner
Den nye justisministeren Astri Aas-Hansen seier at det er vanskeleg for henne å slutte seg til forslaget om å opprette visitasjonssoner.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2023/11/NPK-160x160.png)
– Eg har vanskar for å sjå at det er noko eg kan slutte meg til. Men eg skal sjå på intensjonane med eit slikt forslag, sa ho under nøkkeloverrekkinga i Justis- og beredskapsdepartementet.
Avgått justisminister Emilie Enger Mehl har foreslått å la politiet ransake personar utan mistanke og bevis i såkalla visitasjonssoner, noko som allereie er innført i Sverige og Danmark.
Raudt kallar forslaget frå Mehl meiningslaust og støttar den påtroppande ministeren.
– Det er unødvendig når politiet allereie har tilgang til å ransake der det er mistanke, og det finst ikkje nokon tydelege bevis på at slik ransaking i det heile fungerer, seier Tobias Drevland Lund, justispolitisk talsperson i Raudt.
Han får støtte frå MDG.
– Politiet er også tydeleg på at dei ikkje ønskjer dette. Det er eit godt teikn at Aas-Hansen heller vil vektleggje politifaglege råd og forsking på dette feltet, seier Arild Hermstad, leiar i MDG.