EU: Meir elektrisitet frå solkraft enn kol i 2024

Landa som er med i EU tar store steg i å erstatte fossilt brensel med grøn energi.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka var fyrst publisert i systeravisa vår, Framtida Junior.

11 prosent av all elektrisiteten som vart produsert i EU-landa i fjor, kom frå solenergi.

10 prosent av elektrisiteten kom frå brenning av kol, ifølge klima-tenkjetanken Ember.

Det tyder at solenergi for første gong har passert kol som energikjelde i EU-landa.

– Dette er ein milepåle. Kol er den eldste måten å produsere elektrisitet på, men også den skitnaste. Solenergi er stjerneskotet, seier Beatrice Petrovich, som er medforfattar av rapporten.

Bruken av kol til å produsere elektrisitet har minka med 68 prosent sidan toppåret i 2003.

Solenergi aukar, trass i at 2024 var eit mindre solrikt år enn 2023. Auken kjem hovudsakleg av at fleire solcellepanel vert tekne i bruk.

Også vindenergi har vorte viktig for å lage straum til Europa.