«Kan du framleis sjå barnebarna dine inn i augo med godt samvit, Støre?»
Sanninga er at Arbeidarpartiet og Senterpartiet har ført ein politikk som har vore svært skadeleg for klimaet, miljøet og naturen vår, skriv Simen Bondevik.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I sin sigerstale på valnatta i 2021 sa Støre at han hadde sett barnebarna sine i augo og lova å gjere alt i si makt for å levere på klima. No, når vi ser resultatet av politikken og Støres periode som regjeringssjef går mot slutten, er det naturleg å spørje: Kan du framleis sjå barnebarna dine i augo med godt samvit, Støre, og seie at du gjorde alt du kunne?
Eg tvilar sterkt på at du kan det.
Sanninga er at Arbeidarpartiet og Senterpartiet har ført ein politikk som har vore svært skadeleg for klimaet, miljøet og naturen vår.
Konsekvensane av denne politikken må Støres barnebarn – og alle komande generasjonar – leve med.
Daudt klimaengasjement
Klimakrisa trugar heile livsgrunnlaget vårt. Det er ikkje utan grunn at FNs generalsekretær, António Guterres, for fire år sidan oppmoda til full stopp i all leiting etter kol, olje og gass. Støre har gjort eit aktivt politisk val om å ignorere denne krystallklare oppfordringa. Som statsminister har han vore med på å opne ei rekkje nye oljefelt.
Då Støre deltok på Debatten mot Sylvi Listhaug førre veke, var hovudfokuset hans å kritisere FrP for å ikkje vere venleg nok mot oljesektoren. Snakk om ein total snuoperasjon frå Støre, som før valet lova å vere ein klimastatsminister. Både retorikken og politikken hans viser at klimaengasjementet hans er daudt.
Den tryggingspolitiske situasjonen blir stadig løfta fram som eit viktig argument for å halde fram med norsk olje- og gassproduksjon i overskodeleg framtid.
Den argumentasjonen held ikkje mål.
Konsekvensane av klimakrisa er så dramatiske at dei vil føre til ei meir uroleg verd. Klimakrisa kan føre til fleire konfliktar, og difor går klimahandling og fredsarbeid hand i hand.
Olje- og gassverksemd har vore heilt avgjerande for den norske økonomien. Utan desse inntektene hadde vi aldri hatt den velferdsstaten vi har i dag. Arbeidarane i petroleumssektoren har all grunn til å vere stolte av jobben dei har gjort. Samstundes må vi som politikarar tenkje nytt og framtidsretta. Heller ikkje her har Jonas Gahr Støre levert.
Treng omstilling
Etterspurnaden etter olje og gass kjem til å minke i framtida. Vi er heilt avhengige av å byggje opp nye, grøne næringar. Som Støre sjølv sa på Debatten: «Europa må gjere meir av det. Vi må kome i gang med den omstillinga.» Difor er det synd at han ikkje har utnytta moglegheita til å starte denne omstillinga medan han leier landet vårt.
Partiet Sentrum har eit forslag Støre burde vurdere: Å setje av éin prosent av Oljefondet til eit grønt innanlands investeringsfond som kan investere i fornybar energi og nye, grøne næringar i Noreg. Dette vil verkeleg setje fart på grøn næringsutvikling i landet vårt.
Klimakrisa er vår tids største utfordring. Vi må tore å seie at det etter kvart må bli eit punktum for fossilalderen.
Støre har framleis nokre månader på seg til å endre kurs frå den oljegrå retninga han har styrt mot dei siste åra. Eg håpar han grip moglegheita før det er for seint – slik at Støre faktisk kan seie til barnebarna sine at han gjorde alt i si makt.