Fosen-aksjonistane er frikjende

Borgarting lagmannsrett har frifunne dei 13 aksjonistane.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg er litt sjokkert. Eg har eigentleg gått med ei kjensle av at vi sikkert blir straffa. Men det er ei veldig, veldig, veldig bra kjensle å då få kontrabeskjeden om at vi er frifunne, seier Mihkkal Hætta til NRK.

Han er ein av dei 13 Fosen-aksjonistane som har nekta å betale bøter på opp til 6000 kroner. Bøtene fekk dei etter at dei i 2023 okkuperte Energidepartementet, og blokkerte inngangen til Finansdepartementet og Keysers gate 6.

Det var ein del av ein større demonstrasjon mot menneskerettsbrot på Fosen som ikkje hadde blitt følgt opp etter dommen frå Høgsterett i 2021.

Dei 13 aksjonistane vart fyrst frifunne i Oslo tingrett, men påtalemyndigheitene anka saka vidare til Borgarting lagmannsrett. No har også dei frifunne aksjonistane.

Fire av dei sju dommarane meinte ei bot på 6000 kroner var passande. Dei tre resterande dommarane meinte straffa krenkte forsamlingsretten til aksjonistane.

Det var dermed ikkje eit høgt nok fleirtal for å dømme dei tiltalte som skuldige.

Mihkkal Hætta (22) aksjonerer framføre Stortinget for nedlegging av vindturbinar på Fosen. Foto: Marie Knutsen Bruntveit