Fantasy-dronning til Falturiltu
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fantasy til Falturiltu
– Utgangspunktet vårt var at me ville laga ein festival om fantasy og liknande sjangrar. Me ville belysa kva som finst på nynorsk av slike sjangrar og var så heldige å få med oss ei av dei store fantasy-seljarane til Samlaget, seier festivalsjef Roald Kaldestad til Nynorsk pressekontor.
Han fortel at den danske fantasy-dronninga har stått på ønskelista til festivalen i fleire år.
– Fantasy er ein omdiskutert sjanger blant litteratar, men ho har klart kunststykket å laga slike bøker som både har litterær kvalitet og som sel godt. Eg har sjølv lese bøkene hennar og er svært begeistra.
LES OGSÅ: Kva er ein god barnebok-app?
Smakebitar av ny film
Å få Kaaberbøl på besøk i år, kunne knapt passa betre. Skammarens dotter – fantasy-boka som blir rekna som gjennomslagsboka til Kaaberbøl – er nemleg i ferd med å bli film.
– Filmen er eit nordisk samarbeid og kjem rundt nyttår, men under opninga av festivalen får publikum truleg sjå nokre eksklusive bitar frå filmen, røper Kaldestad.
Bokmelding: Sveve over Himalaya
– Møter folk der dei er
Fantasy pregar ikkje berre forfattarane på festivalen. Temaet går også att i mykje av det andre som skjer. Festivalsjefen seier likevel at variasjonen i programmet er stor.
– Rundt femten forfattarar er i sving. I år når me ut til alle frå dei aller minste til folk på eldresenter, seier Kaldestad.
Han fortel at litt av kongstanken til festivalen er å reisa ut til folk der dei er i staden for å hala dei inn i kulturhus. I år har festivalen mellom anna fått med seg den danske fantasy-forfattaren, som også er utdanna ridelærar, på bok- og hestetreff. Arrangementet har fått namnet Stallturiltu, og målgruppa er først og fremst jenter som er interesserte i bøker og hest.
Bokmelding: Absurde reiseskildringar
Bok og fotball med Erik Solér
For å nå ut til fotballinteresserte gutar, har festivalen dei tre siste åra arrangert bok- og fotballfest.
– Det har vore ein stor suksess, seier Kaldestad.
I år har festivalleiinga fått med seg den legendariske fotballspelaren Erik Solér. Han burde appellera både til unge gutar og til kvinner i 40-50-åra, meiner Kaldestad.
Festivalen byr også på forfattarbesøk i skulen, faglege seminar, skrivekurs, konsertar og ei rekkje andre arrangement. Mellom anna vil kjende nynorske forfattarar ta for seg fantasy og fantastisk litteratur på eit eige seminar på Høgskulen Stord/Haugesund, medan leseglede og lærelyst er tema fore eit seminar på Stord Kulturhus.
– Dette er tema som burde engasjera folk i heile regionen, seier festivalsjef Roald Kaldestad.