Oppgåver: Filmkritikk
Her får du 10 oppgåver for å øva deg på å skriva filmkritikk.

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.
1. Analysar stemninga i ein filmscene
Vel ein kort scene frå ein film (3–5 minutt). Beskriv stemninga i scenen. Korleis blir musikk, lys, kameravinklar, replikkar og skodespel brukt for å skapa denne stemninga? Kva for kjensler trur du regissøren ønskjer at publikum skal kjenna på? Kva kjenner du på? Korleis opplever du filmscenen? Del analysen din med klassen.
2. Vurder ein filmkritikk
Les ein filmkritikk frå ei avis, ein nettstad eller ein blogg. Skriv om kva du meiner er bra eller dårleg med kritikken.
- Er det ei velskrive og interessant tekst?
- Synest du kritikaren argumenterer godt for meiningane sine?
- Er det noko du ville lagt til eller endra?
- For å gjera oppgåva meir variert kan du samanlikna ein profesjonell filmkritikk med ei YouTube-vurdering eller ei TikTok-melding.
3. Skriv ei filmmelding
Vel ein film du har sett, og skriv ei filmmelding. Forklar handlinga kort og vurder skodespelet, spesialeffektane, musikken og regien.
- Likte du filmen? Kvifor/kvifor ikkje?
- Hugs å grunngi meiningane dine med konkrete døme frå filmen.
4. Lag ei filmmelding for sosiale medium
Lag ei filmmelding som passar for sosiale medium, som TikTok, Instagram eller YouTube. Start med å skrive meldinga. Vel ein film du har sett, og følg desse stega:
- Start med ein hook (noko som stoppar folk i scrollinga): Sei noko som grip merksemda i løpet av dei første 2–5 sekunda. Til dømes: «Denne filmen fekk meg til å gråte – og ikkje på grunn av slutten!»
- Hald det kort og fengande: Forklar handlinga kort, del di meining om filmen og bruk konkrete døme. Tilpass meldinga til formatet – ein TikTok eller Reel bør vera 15–30 sekund.
- Bruk fleire verkemiddel: Når du lagar video, kan du prata rett i kamera, bruka voice over, eller kombinera det med klipp frå filmen, tekst på skjermen og musikk.
- Ver autentisk: Lat som om du pratar til ein ven. Dine personlege reaksjonar og meiningar gjer meldinga engasjerande.
- Avslutt med ei oppfordring: Still eit spørsmål som inviterer sjåarane til å kommentera. Til dømes: «Har du sett denne filmen? Kva synest du?»
Når du har filma og redigert meldinga di, del ho med klassen eller venene dine, og høyr kva dei synest om ho!
5. Skriv ei humoristisk filmmelding
Vel ein film og skriv ei overdriven eller humoristisk filmmelding som overdriv meiningane dine om filmen.
- Bruk minst eitt språkleg bilete eller ei overdriving.
- Til dømes:
- Titanic: «Denne filmen er så tåredrypande at eg måtte installera flaumvarsling i stova»
- Fast & Furious 7: «Kvar biljakt i denne filmen er så intens at eg vurderte å kjøpe sele til sofaen»
Målet er å ha det gøy og øva deg på å meine noko tydeleg – ikkje å vera perfekt.
6. Skriv frå ein annan sitt perspektiv
Sjå ein scene eller ein film, og skriv ei filmmelding som om du er ein av karakterane i filmen.
- Korleis ville karakterane sjølv forklart handlinga eller skildra innsatsen sin?
- Til dømes: «Eg er ein superhelt, og dette er historia om korleis eg redda verda – igjen.»
7. Diskuter klipping og tempo
Sjå to kortfilmar eller filmscener med ulikt tempo i klipping og kamerabruk (til dømes ein actionfilm og eit drama).
- Skriv om korleis dette påverkar opplevinga av filmen.
- Kva skjer med stemninga når tempoet er høgt eller lågt?
- Kva verkemiddel brukar dei for å skapa ulike stemningar?
8. Topplisteoppgåve
Lag ei personleg toppliste over dei tre beste filmane du har sett.
- Skriv ein kort kommentar om kvar film.
- Kvifor fortener dei plassen sin på lista?
Du kan også laga ei liste over dei verste filmane du har sett, og forklara kva som gjorde dei så dårlege.
9. Filmmelding på 5 setningar
Skriv ei filmmelding som berre er på fem setningar:
- Tittel og sjanger.
- Kort oppsummering av handlinga.
- Det beste med filmen.
- Det dårlegaste med filmen.
- Ei tilråding eller åtvaring til lesaren.
10. Leit etter språklege bilete og adjektiv
Les denne filmmeldinga og leit etter språklege bilete og adjektiv i teksten.
Kva gjer bruken av språklege bilete og adjektiv med teksten synest du?
Vil du ha meir til filmundervisinga?
- Prøv quizen vår om filmkritikk!