– Den store taparen er neste generasjon

Unge Venstre-leiaren meiner regjeringa sviktar klimaet og dei fattigaste.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den store taparen

I dag, fredag, opna landsmøtet til Unge Venstre på Quality Hotel Grand Farris i Larvik. Leiar av Unge Venstre, Tord Hustveit, gjekk til åtak på regjeringa i talen sin.

– Den store taparen i budsjettet er neste generasjon. Klima og miljø er nedprioritert og det er ingen vilje til å leggja oljepengebruken på eit ansvarleg nivå. Snarare tvert imot. Den blå regjeringa har sett ny rekord i bruk av oljepengar.

LES OGSÅ: Dette krev ungdomspartia frå Statsbudsjettet

Vil kutta subsidiane
Den siste tida har det vore ein nedgang i investeringane i oljeindustrien. Det likar Hustveit:

– Nokre meiner det er ein kort nedgang. Andre, inkludert meg meiner det heller er eit uttrykk for at klimapolitikken verkar. I Noreg deler staten risikoen med oljeselskapa når dei leitar etter og byggjer ut nye oljefelte, viss det faktisk er slik at klimapolitikken verkar, er det på tide å lausna dette bandet og kutta i subsidiane til oljenæringa. Det er heilt urimeleg at fellesskapet skal ta på seg ein risiko som kjem av ein klimapolitikk det er politisk fleirtal for.

Natt til fredag blei EU samde om ein ny klima- og energipolitikk.

– Dei har vedtatt verdas mest ambisiøse klimapolitikk, sa EU-tilhengaren Hustveit, og sa seg samd med Bellona som har meint at dersom Noreg var EU-medlem, hadde me vore ein bremsekloss.

– La oss ta steget over i fornybarsamfunnet no, oppmoda han.

LES OGSÅ: – Kan forandra det politiske landskapet

– Sviktar
– På fattigdom sviktar regjeringa. Det har alltid forundra meg at det er så lite kontroversielt å kutta i uføretrygda, som går til dei som har minst og som kan vera sjuke resten av livet, medan det er heilt umogleg å endra sjukeløna, sa Tord Hustveit..

Han kom òg med krav om kamp mot fattigdom internasjonalt:

– Høg bistand kombinert med marknadstilgang er den beste oppskrifta på å få til vekst i u-land. Kombinert med ein liberal og human innvandringspolitikk som gjev dei som treng det ei naudhamn og sikrar at dei som tørr å stå opp mot urettferd har ein stad å flykta.

QUIZ: Kva veit du om Venstre?