Karen (21) er tidenes yngste til Sørpolen

Måndag kveld vart Karen Kyllesø historisk etter 54 dagar på tur.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg kjenner allereie på meistringsfølelse av å ha kome så langt som eg er no, og kan berre tenke meg kva eg kjem til å kjenne på når eg står på Sørpolen i morgon.

Det seier Karen Kyllesø i den siste talemeldinga ho har delt frå rekordferda si til Sørpolen. Då hadde ho slått leir for kvelden, 27 kilometer unna sitt store mål.

Måndag kveld kl. 23.11 norsk tid, etter 54 dagar på ski, kunne ho endeleg plante flagget på Sørpolen, skriv VG.

Med det er 21-åringen den yngste nokosinne som når Sørpolen heilt aleine.

Ekstremt fokusert

– Eg har late meg styre veldig lite av kjensler, men no byrjar eg å kjenne meir på kjensler rundt det å kome fram. Eg gler meg til det. Det blir ein veldig stor dag i morgon, seier 21-åringen i talemeldinga dagen før bragda.

Kyllesø er frå Årdal i Ryfylke, og er kjent som @friluftsjenta på Instagram. Som 15-åring vart ho den yngste som gjekk over Grønland, noko som inspirerte ho til å setje ut på fleire eventyr, fortel ho til NRK i forkant av sørpolsekspedisjonen.

Her er Karen framme på polpunktet og jublar for verdsrekorden. | Foto: Privat via Samlaget

I talemeldinga frå ekspedisjonen fortel 21-åringen at ho dei om lag to månadane på tur har vore ekstremt fokusert, i motsetnad til korleis ho er til vanleg.

– Heime er eg ikkje så rutinert i det heile tatt. Eg har sove bort mange morgonar og utsett treningsøkter så lenge at dei ikkje har blitt noko av. Men det viser jo berre kva rett type fokus og motivasjon har å seie.

Utmatta og sliten

På ferda til Sørpolen har Kyllesø møtt utfordrande forhold, og ho har gått mellom éi og tre mil kvar dag. Målet er 2800 meter over havet, og gjennomsnittstemperaturen er minus 25 grader.

Kyllesø fortel i ei talemelding frå helga at ho kanskje har fått kuldeastma, og måtte bruke maske for å gjere det lettare å puste.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Karen Kyllesø (@friluftsjenta)

– Dette er ei nasjonal bragd! Eg er djupt imponert over Karen, tidenes yngste som når Sørpolen heilt aleine. Ho følgjer i skisporet til dei største polfararane og skriv historie, seier statsminister Jonas Gahr Støre til VG.

Tysdag morgon fortel verdsrekordhaldaren via satellittelefon til NRK at ho er takknemleg for at turen har gått bra, men at kroppen er utmatta og sliten.

– Eg er også framleis litt tung i pusten og har nok slitne lunger. Det å få restituert no blir godt, seier Kyllesø.

Skal skrive bok

Til hausten skal Karen Kyllesø gje ut bok om polferda på Samlaget.

– Vi er utruleg glade for å kunne samarbeide med Karen. Ho er eit fantastisk førebilete og formidlar som brenn for å spreie kunnskap om friluftsliv og polarhistorie til nye generasjonar. Samtidig lærer ho oss alle kva ein kan få til gjennom god planlegging og ståpå-vilje, seier forlagssjef Håkon Kolmannskog i ei pressemelding.