Vil verta bildebransjens Spotify

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho er årets gründerkvinne

Prisen er ein del av kvinne- og entreprenørskap-satsinga til Innovasjon Norge, og sikra kvinnheringen 50.000 kroner, samt ein plass i den nasjonale finalen 18. november. 35 kandidatar konkurrerte om den gjeve prisen. Linda Lægreid Johannessen oppretta og er dagleg leiar av YAY Media, eit bildebyrå som har utvikla ei løysing for web-basert bildestrømming.

– Visjonen og målet er å gjera det same for bildebransjen som Spotify gjorde for musikkbransjen, uttalar Linda til NTB info.

Ho bur til dagleg i Silicon Valley i USA, der ho jobbar med aktuelle partnarar. Målet er å få løysinga integrert i webtenester som GoDaddy, Twitter og LinkedIn.

Juryen meinte at årets vinnar er uredd, dyktig og med stå på-vilje, og at løysinga hennar har stort marknadspotensial i ein global marknad. Dei meinte òg at gründeren er marknadsorientert, med høge ambisjonar og god gjennomføringsevne. Og ikkje minst at ho er ein god rollemodell for andre kvinner.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.