Oppdater deg på nokre av sakene som har vore i nyheitene den siste veka!
Oppdater deg på nokre av sakene som har vore i nyheitene den siste veka!
Andrea Rygg Nøttveit, Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Natt til søndag 8. desember tok opprørsstyrkar seg inn i den syriske hovudstaden Damaskus og styrta Assad-regimet, som har sete ved makta i over 50 år.
Det har dei siste 13 åra vore borgarkrig i Syria. Om lag 6,4 millionar syrarar har flykta landet sidan borgarkrigen braut ut og det er stadfesta 230 000 døde, ifølgje Statista. Dødstala er truleg betydeleg høgare. Ifølgje New York Times kan det vera så mykje som 620 000 døde.
Det er den islamistiske opprørsgruppa Hayat Tahrir al-Sham (HTS) som har stått i spissen for kuppet. HTS er terrorstempla av fleire land og FN, men har brote med Al Qaida, som dei tidlegare har vore knytt til.
Opprørsstyrkane har tatt kontroll over store delar av landet og mellom anna frigjort fangar frå Sednaya-fengselet, kjent som «Slaktarhuset».
Diktatoren Bashar al-Assad, som har vore president i Syria i 24 år, flykta landet og har ifølgje russiske styresmakter fått politisk asyl i Russland.
Mohammed al-Bashir er utnemnt til mellombels statsminister i Syria i ein overgangsperiode på tre månader. Ifølgje ein talsperson for overgangsregjeringa, skal det setjast ned ein jus- og menneskerettskomité som skal gjennomgå grunnlova og leggja fram forslag til endringar.
Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) varslar hastetiltak for å hindra overgrep frå tilsette i barnevernsinstitusjonar.
Initiativet kjem etter at VG har skrive om ein mannleg vikar i 50-åra som er tiltalt for overgrep, valdtektsforsøk og seksuelt krenkjande åtferd mot fem jenter ved Fossumkollektivet.
VG har fått innsyn i tal frå Bufdir som viser at det er 18 tilfelle der det er mistanke om seksuelle overgrep frå tilsette ved barnevernsinstitusjonar.
I 2024 er ni slike saker registrert. Det er i underkant av 1000 barn som bur på norske barnevernsinstitusjonar i dag.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) skal no vurdera risikoen for seksuelle overgrep på alle institusjonar i Noreg, både statlege og private.
Utgreiinga og forslag til tiltak skal leverast innan 1. mars.
I tillegg skal Statens helsetilsyn vurdera tiltak for å auka kunnskapen om ansvaret institusjonar har for å førebyggja, avdekkja og følgje opp grenseoverskridande åtferd.
Denne veka varsla arbeidstakarorganisasjonen LO at dei bryt med arbeidsgjevarorganisasjonen NHO.
– Vi har opplevd ein ureieleg prosess både under sjølve forhandlingane og i etterkant, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik ifølgje NRK.
Førre veke stranda forhandlingane om ei ny sjukelønnsordning, der LO og NHO stilte kvart sitt ultimatum.
LO-leiaren meiner det er eit grovt tillitsbrot at NHO gjekk saman med Unio, Akademikerne og YS og presenterte eit forslag for arbeidsminister Tonje Brenna (Ap).
No vil dei kutte alt samarbeid.
NHO-sjef Ole Erik Almlid er overraska over utviklinga, som han kallar dramatisk.
– Vi har opplevd lite kompromissvilje frå LO i forhandlingane. Men dette er veldig rart, og eg håpar verkeleg LO kan gå i seg sjølv og koma tilbake, seier Almlid til NRK.
Måndag denne veka vart amerikanske Luigi Magione (26) arrestert, mistenkt for drapet på UnitedHealthcare-sjef Brian Thompson (50).
Thompson vart skoten på veg til kontoret i New York tidleg på morgonen onsdag 4. desember.
På ammunisjonen stod det skrive «deny», «defend», «depose». Kritikarar av helseforsikringsbransjen i USA brukar desse orda for å skildra taktikken deira for å unngå å betala forsikringskrav, ifølgje AP News.
Magione vart arrestert på ein McDonalds-restaurant i Pennsylvania med eit heimeprodusert skytevåpen, og falsk ID.
Han skal ha lese manifestet til Unabombaren Ted Kaczynski og sjølv skrive eit manifest.
På sosiale medium får Magione mykje støtte av kritikarar av forsikringsbransjen, mellom anna under emneknaggen #FreeLuigi. UnitedHealthcare har sett seg nøydd til å lukka kommentarfeltet på Facebook-innlegget der dei deler dødsfallet på grunn av alle dei negative kommentarane.
Onsdag denne veka vart det offisielt at Saudi-Arabia vert vertsland for fotball-VM for herrar i 2034.
Noregs Fotballforbund (NFF) valde å ikkje stemma for Saudi-Arabia, og var det einaste av 211 forbund som ikkje stemte for tildelinga.
Fotballpresident Lise Klaveness forklarar at forbundet meiner tildelinga ikkje har vore i tråd med Fifa sine eigne reformer.
Saudi-Arabia var einaste søkjarland og Amnesty International har òg vore kritiske til tildelinga.
– Amnesty har vore ekstremt skuffa over at Fifa igjen vel å ta ei avgjerd som kan ha dødelege konsekvensar, seier Frank Conde Tangberg i Amnesty Norge til VG.
Dei meiner Fifa si risikovurdering, som slår fast at det er «middels» fare for menneskerettsbrot i Saudi-Arabia, er ei katastrofal feilvurdering.
Kvart år kårar Språkrådet årets ord. Ordet dei har valt ut for 2024, er beredskapsvenn. Språkrådet skriv at ordet minner oss om at vi står sterkare saman enn kvar for oss.
Dei viser til at alle husstandar hausten 2024 fekk ein brosjyre frå styresmaktene i posten med råd om korleis ein skal klare seg sjølv i ei vekes tid dersom det vert krise. Eitt av råda er å skaffa seg ein beredskapsvenn.