SV: 10 prosent meir i studiestøtte
Ein auke på 10 prosent i studiestøtta, fleire studentbustader og auka tilskot til bygging av hyblar, er med i budsjettsemja mellom SV og regjeringa.
– Vi har lykkast med å få til ein auke i studiestøtta på 10 prosent. Det er vi svært nøgde med. Dei siste åra, med SV som budsjettpart, har studentane fått over 35 000 meir i året å rutte med, seier studentpolitisk talsperson Grete Wold til NTB.
I tillegg har SV også fått gjennomslag for 3050 fleire studentbustader og at studentsamskipnadane i landet får auka tilskotsdelen til bygging av nye studentbustader til 40 prosent.
– Dette kan gjere det rimelegare å leige studentbustader, seier Wold.
Fakta om SV og semja med regjeringa om statsbudsjettet
- Inga utlysing til mineralverksemd på havbotnen i 2024 og 2025.
- CO2-avgifta på sokkelen blir auka med 16 prosent, så det blir tilsvarande fastlandet.
- 2,4 milliardar kroner til auka barnetrygd i året frå 1. mai. Det betyr ein auke på 1,8 milliardar i 2025 og 2,7 milliardar i 2026.
- 550 millionar kroner til å auke bemanninga i SFO frå 1. august.
- 550 millionar kroner til styrkt bemanning i barnehagar.
- 6000 kroner meir i året til minstepensjonistar frå 1. mai.
- Betrar bustøtteordninga for AAP- og dagpengemottakarar med 80 millionar kroner.
- 420 millionar kroner til å sikre 75 prosent rabatt på tannhelse for unge vaksne opp til 28 år frå 1. juli. I dag gjeld dette berre opp til 25 år.
- 100 millionar kroner til utviding og styrking av offentleg tannhelseteneste. Dette vil også inkludere fleire tannpleiarar.
- Auka studiestøtte med 10 prosent frå 1. august. Det betyr 10.769 kroner meir på konto i året enn i forslaget frå regjeringa.
- Bygging av 3050 fleire studentbustader.
- Aukar låneramma til Husbanken med 3 milliardar kroner.
- 470 millionar kroner til frivillig skogvern.
- Startar arbeidet med direkte dagtog til København og Hamburg innan 2026.
- Styrkar tverrfagleg spesialisert rusbehandling med 200 millionar kroner.
- 100 millionar kroner til auka bemanning i fengsla.
- Noreg skal ta imot 500 kvoteflyktningar i 2025.
- Aukar Sametingets arbeid med oppfølging av Rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen med 50 millionar kroner.
Kjelder: SV og regjeringa