Spire: – Ytringsfridomen blir avgrensa på klimaforhandlingane
Demonstrantar på FN sitt klimatoppmøte får ikkje lov til å rope eller nemne namn når dei har markeringar.
Skal du ha ein demonstrasjon på klimatoppmøtet i Baku i Aserbajdsjan? Då kan du gløyme å rope slagord, synge, eller nemne spesifikke namn. Det fekk delegatane frå organisasjonen Spire erfare då dei måndag skulle demonstrere saman med andre frå sivilsamfunnet.
– Det er kjempealvorleg at ytringsfridomen blir avgrensa så mykje på klimaforhandlingane, skriv Spire-delegat Cari Anna Korshavn King.
I ein e-post til Framtida.no skildrar organisasjonen at dei fekk strenge reglar å følgje: Dei måtte nynne og knipse i staden for å snakke, og fekk heller ikkje lov til å synge, rope, klappe eller trampe.
Marius Moldsvor (19) og Mikkel Inchley (20) frå Natur og Ungdom skildra også i reisebrevet frå COP29 at dei ikkje kunne vere meir enn 40–50 personar, og det var forbode å seie namn på land, personar eller selskap.
I tillegg måtte sivilsamfunnet ha markeringa si i eit eige rom, ikkje i offentlegheita. Det reagerer King i Spire på.
– Vi treng stemma vår for å kunne krevje klimarettferd. Det held ikkje å la oss nynne slagord i ein korridor. Retten vår til å demonstrere må beskyttast på klimatoppmøtet, skriv ho.
Skal vere mogleg å demonstrere
Kor frie demonstrasjonane er ved dei forskjellige klimatoppmøta varierer med kva land det blir arrangert i. I Paris i 2015 var det også protestar, delvis avgrensa av politiet grunna åtaket mot Bataclan berre nokre veker tidlegare. Ved COP26 i 2021 tok titusen av menneske til gatene i Glasgow i Skottland for å krevje klimarettferd.
Under COP27 i 2022 i Sharm El Sheik i Egypt vart demonstrasjonar derimot avgrensa til eit eige område der berre registrerte deltakarar kunne møte opp.
På møteområdet er det FN sine reglar som gjeld, som gjer det mogleg å ha demonstrasjonar også i vertsland der ytrings- og forsamlingsretten kan vere avgrensa. Det var også tilfelle på COP28 i fjor i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata, der det var få moglegheiter til å demonstrere utanfor møtelokalet.
Det er ikkje tilstrekkeleg, meiner Spire.
– Dette er heilt avgjerande år for global klimahandling. Det er livsviktig at kritiske stemmer slepp fram på klimatoppmøta, og ikkje blir tvinga inn i rom der ingen høyrer oss, skriv delegat Adam Reiremo Granberg.
UN Framework Convention on Climate Change, dei som driv COP, seier reglane er dei same i år som før, og at det er rom for at deltakarar blir høyrde i tråd med retningslinjene deira og aserbajdsjansk lov.
Avgrensa ytringsfridom i Aserbajdsjan
Det er ikkje berre besøkande som merkar den lange armen til aserbajdsjanske styresmakter. Ifølgje Amnesty International har landet fengsla 20 journalistar etter det vart klart at dei skulle vere vertsland for klimatoppmøtet i 2024.
Ei av dei er Nargiz Absalamova, som har skrive kritisk om miljøforureining og maktmisbruk i heimlandet. I 2023 dekte ho at lokalbefolkninga vest i landet protesterte mot forureining av drikkevatnet frå ei gullgruve.
Amnesty er kritiske til at FN vel å inngå avtaler med land som avgrensar og fengslar uavhengige røyster.
– Det viser korleis det blir når ein legg COP til land og ein ikkje krev at dei respekterer alle sine rettar. Det vanskeleggjer heile forhandlingsprosessen, sa Ane Tusvik Bonde, politisk rådgjevar i Amnesty, til VG førre veke.