Ny leiar: Senterungdomsleiaren ville ete sodd med Per Borten
Nils Forren (24) spelar trekkspel og vil gi unge bønder framtidstru.
– Eg vil vere ein inkluderande leiar, skriv Nils Forren på e-post til Framtida.no.
For litt over ei veke sidan vart han valt til ny leiar i Senterungdommen. Forren har vore politisk nestleiar i partiet i året som gjekk, og i røysterunden vann han mot fleirtalsinnstillinga Erik Lillebakken.
No er han klar for å vere leiar framover, og han er tydeleg på kva dei viktigaste sakene blir:
– Vi må gi unge bønder framtidstru. Vi skal la unge sitte igjen med meir av sine eigne pengar, og bruk og innehaving av narkotika skal framleis vere ulovleg.
Nils Forren
Alder: 24
Frå: Forra i Heim kommune i Trøndelag
Yrke/utdanning: Leiar i Senterungdommen
Favorittfag på skulen: Samfunnsfag
Ulike verv: Kommunestyrerepresentant i Heim
Medlem i: Senterungdommen
Den største sigeren på årets landsmøte meiner han er at dei framleis skal ha nullvisjon på ulv. Det neste målet blir å ha lågare bestandsmål på rovdyr.
– Kva har gjort at du har engasjert deg?
– Det er å bevare min nærskule som Arbeidarpartiet og Høgre bestandig føreslår å legge ned, skriv han.
Det er framleis hjartesaka til Forren: At alle har ein skule å gå på nær der dei bur.
Trekkspel og diesel
På fritida spelar den nye leiaren alle sitt favorittinstrument på fest: Trekkspel!
Det er derimot mobilen som er den største tidstjuven.
– Korleis held du deg oppdatert?
– Diverse nettaviser og papiraviser.
Dersom han skulle vakna opp til ei draumenyheit, hadde det vore «Gratis diesel».
Sodd med tidlegare statsminister
– Kva er idealsamfunnet og korleis skal vi nå det?
– Det er eit samfunn der folk kan leve gode liv i heile landet. Det oppnår vi gjennom god senterpartipolitikk.
– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?
– Då ville eg ha invitert Per Borten og skravla om korleis det var å sitte i regjering på ikkje-sosialistisk side. Eg hadde servert sodd.
– Kva for ei bok burde alle lese? Kvifor?
– Alle bør lese Markens grøde. Ei fantastisk bok om det å dyrke jorda og ei hyllest til bonden.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Clarkson’s farm.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– «Bøgda» av Hagle.